Då eg gjekk på barneskulen vart eg utsett for handlingar frå ein lærer som trakka over grensene mine. Då eg først varsla, kjente eg meg ikkje trudd av rektor. Ikkje før det kom fram ei langt meir alvorleg sak, vart eg tatt seriøst.

Etter eg deltok i avhør på barnehuset etter den nye saka kom opp, høyrde eg ikkje meir. Eg fekk ingen oppdatering om når læraren skulle i fengsel, eg fekk ikkje tilbod om samtalar med helsesjukepleiar eller nokon andre, og eg sat med ei kjensle av at eg skulle gløyme det som hadde skjedd. Eg kjente meg rett og slett gløymt.

Etter eit intervju med studentavisa Nærnett, der kommunen vart konfrontert med historia mi, kom det fram at kommunen og skulen ikkje hadde spesifikke retningslinjer for oppfølging av born i etterkant av ei rettssak. Dette er rett og slett for dårleg.

Etter mange år med å stenge kjenslene mine inne, sprakk eg. Sterk angst hadde bygd seg opp, og situasjonen min var ganske alvorleg. Eg vart då sendt til helsesjukepleiar på skulen, som gav meg eit ark med pusteøvingar og bad meg kome tilbake når eg fekk angstanfall.

Slik situasjonen er i dag, kan ein ikkje kome innom kontoret når ein får angstanfall, då opningstidene til helsesjukepleiarane er nærast ikkje-eksisterande mange plassar. Eit angstanfall kan ikkje planleggast til måndag mellom klokka tolv og fjorten.

Mange sårbare barn vert i dag kasteballar mellom ulike instansar, og i fleire tilfelle har dette enda med at barnet ikkje har fått oppfølging, rett og slett fordi ingen har tatt ansvar.

Vi treng klare retningslinjer for oppfølging av barn i sårbare situasjonar, slik at ein ikkje er avhengig av at kvar familie er i stand til å ta på seg ansvaret. Det siste vi vil er at fleire barn skal ende opp med liknande historier som mi.