Noreg er det landet med flest undersjøiske tunnel- og fastlandssamband i verda. Det har gitt nye og framtidsretta moglegheiter for næringsliv, brukarar og befolkninga i kommunar og regionar. Heile døgnet – heile året. Det er legitimt å vere imot prosjekt, men å respektere og akseptere demokratisk fatta vedtak er limet i vårt styresett. Likevel har tusenvis av protestert heftig og lenge mot fastlandssamband etter fastlandssamband.

Likskapen med Jan Eggums legendariske song «På'an igjen» er påfallande. No er det sjølvsagt «På’ an igjen» mot Møreaksen med nye skildringar om armod, elende og alt som vil ramme brukarane. Gjenbruk av påstandar florerer – «unyttig, versting, kostbar, uønskt, feil trasé, og ikkje minst ein veg som ingen vil ha eller treng». Argumenta vert ikkje betre om dei blir sagt mange gonger. Utruleg nok vert faglege utgreiingar og politiske vedtak, fortrengt, nekta for og avvist – både i avisinnlegg og sosiale media. Det finst vel få som vil ha attende ferje og nostalgiske sveler i staden for t.d. Atlanterhavstunnelen, Krifast, Fannefjordtunellen eller Eiksundsambandet. Ryfylketunnelen, verdas djupaste og lengste undersjøiske vegtunnel, vart opna i 2019. Trafikktal for 2020 var langt meir enn venta med om lag 2,5 millionar passeringar, og med svært gode tilbakemeldingar frå brukarar som har fått del i framsteget.

Fakta om Møreaksen sin status:

Alle lovpålagde og faglege høyringar, vurderingar og utgreiingar er gjennomført, med klar anbefaling og konklusjon om at Møreaksen er best for Ferjefri E39 Ålesund-Molde. All behandling, prioritering og vedtak blitt fatta i våre demokratiske politiske organ lokalt, regionalt og nasjonalt.

Alle prioriteringar og vedtak i Fylkestinget i Møre og Romsdal, regjeringar og Stortinget, har frå 2006 til 2021 alltid støtta og valt Møreaksen som trasé for ferjefri E39 mellom Ålesund og Molde. Prioriteringa i fylket sin temaplan vart og støtta og ønska av alle dei aktuelle kommunane i fylket.

I Nasjonal Transportplan 2010–2018 vart det gjort ei konseptvalutgreiing (KVU). Konklusjonen var krystallklar. Møreaksen, med arm via Kjerringsundet til Gossen, er beste løysinga. Etter lovpålagt ekstern kvalitetssikring på oppdrag og ansvar frå Samferdselsdepartementet og Finansdepartementet, vart konklusjonen og anbefalinga eintydig den same. I 2014 vedtok regjeringa, med samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen i spissen, Møreaksen som trasé. I 2016 sende tolv ordførar frå Herøy i sør til Molde i nord brev til samferdselsministeren med eit krystallklart bodskap : «Vi krev Møreaksen inn i Nasjonal transportplan». E39 Ålesund- Molde (Møreaksen) vart i 2017 eit prioritert prosjekt i Nasjonal transportplan i Stortinget – med brei politisk støtte frå Sp, KrF, V, H, Ap og FrP.

Under handsaminga av Nasjonal transportplan 2022–2033 i juni 2021 prioriterte og støtta heile 83 prosent av Stortinget sine representantar E39 Ålesund -Molde (Møreaksen). Tre konkrete forslag om å «skrote» Møreaksen fekk frå to til femten røyster, og fall. Samferdselsdepartementet har nettopp gått gjennom den ønska tilleggsutgreiing. Departementet og samferdselsministeren stadfestar prioriteringa.

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegg til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!