SP har rasert distrikta, skyhøge skattar og avgifter, radbrekt landbruksnæringa, transport, bygg, anlegg og fiskerinæringa med skyhøge straum og drivstoffprisar og vidare sørga for skyhøge matvareprisar samt ei rente som fyk til himmels.

Dordi Lerum som har kome seg på fly til Oslo og i regjeringsapparatet til SP, gjer ho faktisk medskuldig i tidenes verste regjering for vårt fylke og for Distrikts-Norge.

At FrP og Høgre skulle vere noko trussel mot distrikta dersom ein klarte å fjerne lakseskatten som rammar tusenvis av arbeidsplassar langs heile kysten, forstår sannsynlegvis berre Dordi.

Når denne sjølvoppnemdee guruen for SP her i fylket også presterer å lage eit problem av at FrP ønsker betre ferjetilbod her i fylket, eller sikre dei vidaregåande skulane, blir dette rimeleg vanskeleg å begripe.

SP har kutta 23 millionar kr i ferjedrifta i distrikta her i fylket, viktige ferjeavgangar er fjerna også til øysamfunn. SP er også einaste partiet her i fylket som har lagt ned vidaregåande skular, då dei la ned Vanylven VGS.

Med eit fylke som snart har 1 milliard kroner på bok som har kutta i ferjedrifta og skuletilbodet, er vel dette SP i praksis, ikkje sant Dordi?

Nei, politikk kan vere vanskeleg å forstå. Men makan til vrøvl som det Dordi Lerum presterer å kome med, setter ny standard for eit SP i fritt fall her i fylket.

Problemet til SP Dordi, er at veljarane her i fylket slett ikkje ser opp til SP, noko valresultatet klart dokumenterte.

Dordi og SP gjer klokt i å gå svært så stille i dørene her i fylket og i resten av Distrikts-Norge.

Sperregrensa er nær, og SP hadde verkeleg fortent å ryke ut av Stortinget. Aldri har landet hatt ei verre distriktsfiendtleg regjering!