Planforslaget for Sula Gondol er klart; 3 kilometer gondoltrasé, 3,3 km ny fjellveg i 4 meters breidde, to slalåmtraséar, 120 meter lang dam for snøproduksjon, to store bygg i urørt natur og opparbeida turveg til Vardane er blant elementa i planen.

Det er særleg verdt å merke seg at planen konkluderer med at den samla konsekvensen for friluftslivet er negativ. Sjølv om tiltaket vil gi turistar eit godt utgangspunkt for turar både sommar og vinter, og eit nytt tilbod med slalåmbakke for barn og unge, er likevel totalen negativ.

Sulafjellet er eit fantastisk friluftstilbod heile året for alle i Sula kommune (9000 innbyggarar) og store delar av Ålesund (>50 000). Det unike med Sulafjellet er den ville og urørte naturen, så nære byen. På ein ettermiddag kan ein kome opp i høgfjellet, kjenne naturkreftene, sjå lyngen i fjellheiene og kjenne den våte og tuete myra, sjå utover fjell og hav, spektakulært og fritt, men likevel nært. Inngrepsfrie naturområde (INON), er område som ligg meir enn ein kilometer frå eit teknisk inngrep, og er eit mål på urørt natur. Det blir stadig mindre urørt natur i Norge, men på Sulafjellet har vi det! Det er mykje rekreasjon, glede og meistring i å ferdast i urørt natur. Og dette er heilt gratis.

Med gondolplanane ønsker ein å gjere dette meir tilgjengeleg for fleire; men det som skjer då, er at ein øydelegg den naturen ein vil vise fram. Den naturen som i dag er vill og urørt og gratis, blir ikkje lenger vill og urørt. Og sjølv om fjellet blir tilgjengeleg for fleire, så blir det berre tilgjengeleg for dei som kan betale for det. Slik vi ser det, er det motsette av sosial utjamning; ein øydelegg eit gratis og knapt gode, for å lage eit nytt tilbod for dei som kan betale for det.

Verda mistar artar i eit alarmerande tempo, 1 av 8 plante- og dyreartar er truga av utrydding. Vi øydelegg den naturen vi skal leve av, og mykje av årsaka er ein bit-for-bit-nedbygging av naturareala. Gondolplanen tek ein ganske stor bit av naturmangfaldet på Sula. Viktige naturtypar som kystlynghei, fjellhei og høgfjellsmyr får alvorleg miljøskade av gondolutbygginga. Nær trua fugleartar som heilo får funksjonsområdet sitt forringa, og rovfugl, smålom og hønsefugl kjem til å kollidere med gondolanlegget.

Dessverre dokumenterer ikkje konsekvensutgreiinga kva klimaeffekt gondolplanen har. Det ligg lagra store mengder karbon i naturen, særleg myrar og skogar er viktige karbonlager. Når vegar og anlegg byggast over skog og myr, blir CO2 frigjort til atmosfæren. Anleggsfasen, med anleggsmaskinar og helikoptertransport fører òg med seg utslepp av CO2, i tillegg til støy og ulempe for både folk, fuglar og dyr.

Gondolplanane vil øydelegge for naturen, klimaet og friluftslivet. Vi sager av greina vi sit på om vi utviklar næringsliv og reiseliv basert på naturøydelegging.