Innlegget kom òg til dømes i Nettavisen. Forfattaren nytta overskrifta «Tyskland seirer på alle fronter».

Dette såg sikkert skribenten som eit kraftfullt retorisk poeng. Han skreiv nemleg om energikrise og norske leveransar av gass og elektrisitet til Tyskland til prisar han meiner er urettvise for Noreg.

Eg skal her ikkje diskutere innhaldet, men retorikken.

«Tyskland seier på alle fronter» eller «Deutschland siegt an allen Fronten» er eit slagord frå andre verdskrigen.

Eit slagord som stod på banner og plakatar i det okkuperte Noreg. Den gongen var det mindre og mindre sant etter som krigen gjekk sin fryktelege gang.

Stenseth sluttar difor innlegget med at «Denne gang kan en trygt si at Tyskland har «seiret på alle fronter». Denne gongen har altså Tyskland vunne krigen.

Denne samanlikninga er kanskje effektiv retorikk for folk over ein viss alder, men den er uheldig på mange andre måtar. For det første samanliknar han legitime forretningsavtalar gjort mellom to sjølvstendige, demokratiske land med krig og okkupasjon.

For det andre er det trøyttande tendens i Noreg til å dra fram krigen i alle mogelege og umogelege samanhengar når det gjeld Tyskland.

Tyskland har no vore eit demokratisk land i nesten åtti år. Det er fire generasjonar i Tyskland som ikkje har hatt noko som helst ansvar for krigen.

Det bur nesten 25.000 tyskarar i Noreg. Dei fleste har sikkert på eitt eller anna tidspunkt blitt konfronterte med krigen frå nordmenn som ikkje har opplevd han (det er forresten greitt å minne om at dei aller fleste nordmenn ikkje gjorde nemnande motstand mot okkupanten).

Noreg har gamle kulturelle røter i tysk kultur. Dei som ofra livet for norsk fridom skal ikkje bli gløymde, men vi bør no etter kvart spare oss sjølve for slik billeg krigsretorikk som ikkje gjer noko anna enn å halde ved like fordommar.