1,3 milliardar kr kutta FrP og den borgarlege regjeringa her i fylket, og både fakta og realisme viser at dette vart mogleg. Dette hadde sjølvsagt aldri skjedd utan at FrP her i fylket er desidert største politiske parti, og som er dobbelt så store som moderpartiet sentralt.

Ja, visst er eg klar over at FrP i regjering bidrog til ei kraftig vegutbygging som dessverre også vart delfinansiert med bompengar. Derimot gjekk bompengeandelen ned frå over 40 prosent til ca. 29 prosent.

Så med all respekt, når Sveinung Walseth i eit lesarinnlegg snakkar om «tåkelegging og forenkling» bør dette brukast i eige vokabular og eigen argumentasjon.

Eg skal iallfall ikkje ha på meg eller godtek at dykk brukar mitt namn i bompengesaker, når det vi har klart her i fylket var null bom.

Så, er det ein realitet at dagens regjering måkar på med bompengar, som når nye rekordar sjølv om dagens regjering også setter ny rekord i å ikkje bygge veg.

Eg er sjølvsagt ihuga bompengemotstandar, men det er også realisme i at absolutt alle normale parti på Stortinget utanom FrP forgudar bompengar.

Så, når det på nytt blir ei regjering med FrP og Høgre om to år, blir kampen som då må takast mot Høgre som er noko av det mest bompengekåte partiet vi har.

Korleis dette skal gå veit ikkje eg, men eg skal love å gjere så godt eg kan. Alternativet er uansett framleis ei regjering med bompengebonanza av raudingane.