Frank Sve profilerer seg som ihuga motstandar av bompengar, og gjev dagens regjering mesteparten av ansvaret for det han meiner er ein feilslegen, og grådig bompengepolitikk. Meiningsmotsetnad er både naudsynt og sunt, men likefull er det viktig at politikarar ikkje aktivt medverkar til forenkling eller tåkelegging av fakta.

I eit tilsvar til Ellinor Nerbø i Sunnmørsposten 7. oktober gjer Sve seg etter mitt syn skuldig i tåkelegging, og forenkling av historiske fakta når han hevdar at: etter at SP og AP tok over regjeringskontora har dei teppelagt landet med bompengar.

Eit enkelt statistisk søk syner at landet var grundig teppelagd av bompengar og bomstasjonar allereie før noverande regjering såg dagens lys.

Statistikken fortel at då Solberg-regjeringa overtok i 2013 var talet på bomstasjonar 170. I 2020 var dette talet auka til 337. Altså om lag ei dobling av bomstasjonar i åra med Solberg-regjering. Det høyrer med til soga at ved årsskiftet 2022/23 var talet auka til 344, altså ein auke under noverande regjering med sju bomstasjonar.

Under den raudgrøne regjeringa (2005–2013) var dei samla bompengeinntektene til staten 55 milliardar kroner. Under den borgarlege regjeringa (2013–2020) auka dette til 89 milliardar kroner. Dei seks fyrste regjeringsåra, medan Framstegspartiet hadde både finans- og samferdsleministeren vart det kravd inn over 67 milliardar kroner i bompengar frå bilistane.

Ein formidabel auke, levert av mellom anna Sve sitt eige parti, som den gongen gjekk til val på å rive alle bomstasjonar. Det er i sanning skilnad på posisjon og opposisjon.