Mange norske bedrifter som har avtaler med Russland kan få store problem, og mange av disse kan gå konkurs. President Biden prøver å inngå avtaler med tvilsomme regimer for å få nok olje til å dekke USA sitt behov etter at han har kutta leveransen av olje frå Russland. Vil det tyske folk fryse pga. av gassmangel fordi dei skal vere med å straffe Putin?

Russland er verdas største eksportør av korn. Sjølv om økonomien blir dårlegare i Russland så får dei i alle fall eit stort overskot av kunstgjødsel, korn og olje, så disse produkta blir sannsynlegvis billigare for dei. Men dette er varer som resten av verda no vil få betydeleg mindre kvantum av, med kanskje matkrise og hungersnød som resultat. Før denne krigen i Ukraina så såg det allereie mørkt ut med tanke på å få store nok avlingar til å brødfø verdas befolkning i nær framtid pga. bl.a. stor auke i prisen på kunstgjødsel og drivstoff.

Skal verda svelte for å straffe Putin? Dei som vedtek disse sanksjonane merker heilt sikkert ingenting verken på sin inntekt eller sitt forbruk. Dei som blir straffa mest for disse sanksjonane er vanlege folk og sjølvsagt verdas fattige. Før vi begynner å sage på ei grein, så er det vel lurt å finne ut om vi sit på den same greina?

Svir dette meir for Putin enn for oss, og heile den vestlege verda? Straffer vi Putin meir enn vi straffer oss sjølve? Hadde vi hatt politikarar som var litt i kontakt med det verkelege liv, så hadde dei i alle fall kutta drivstoffavgifta, sidan vi er eit land som tener mange milliardar meir på den høge oljeprisen, enn det dei taper på ein slik kompensasjon. Då kunne vi kanskje unngå eit stort konkursras for transportnæringa. Den diplomatien som vestlege leiarar, og då spesielt USA no driv overfor Russland kan etter mi meining best beskrivast slik; «kan vi ikkje greie å sette i gong ein atomkrig no, så må vi i det minste få til ei matkrise».

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegget til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!