For andre gong bed eg om spalteplass til ei svært viktig sak. Den kristne Bibelen er truleg verdas mest leste bok og svært etterspurd i ei rekkje land. I vårt eige land veks motstanden mot at denne verdfulle boka skal kome dei unge mellom oss i hende. For ei tid attende skreiv eg at organisasjonen Gideon gjennom 70 år har spreidd biblar m.a. til elevane i norsk grunnskule. Eg har som skulemann opplevd dette som eit prisverdig tiltak. I 2021 gav Utdanningsdirektoratet beskjed til norske kommunar om å stanse denne ordninga – grunngjevinga var kort dette er forkynning.

Det siste som har skjedd i denne saka, er at vedtaket vart klaga inn for Sivilombodet. Her er no saka handsama og ombodet held fast på vedtaket om å stenge Gideon ute frå denne tradisjonen. Vår nye utdanningsminister Tonje Brenna er av same meining – dessverre.

Det var Human-Etisk Forbund som først reiste denne saka. Dei meinte at slik utdeling av gamle- og nye testamentet var i strid med opplæringslova. Eg ser dette som å strekkje denne lova svært langt! Gideon var aldri nytta som høyringsinstans i saka. I tidlegare år fekk Gideon takkebrev frå statsrådar for det arbeidet dei gjorde. I kvart klasserom kunne den einskilde elev takke ja eller nei. Standpunkta som no er tekne m.a. av statsrådane frå V og AP – Guri Melby og Tonje Brenna bryt heilt med tidlegare standpunkt frå øvste politiske hald. Jonas Gahr Støre har sjølv ikkje teke noko klart standpunkt i saka, men viser til sin fagstatsråd. Eg vil ikkje nøle med å kalle dette fremjing av eit ateistisk livssyn.

Eg er dessutan så fri å kople denne saka saman med fleire andre framstøyt mot kristne verdiar i samfunnet vårt. Eg tek med nokre eksempel: Korset i flagget vårt, statsstøtta til kristne skular, skulegudstenestene, kristne organisasjonar sin rett til å nytte kommunale lokale, tradisjonsekteskapet, grunnlova. Kor lenge vi får halde på desse kristne grunnverdiane og mykje meir er uvisst. Angrepa kjem stykkevis. På denne måte vert verdfulle kristen grunnverdiar plukka vekk frå vårt norske verdigrunnlag. Grunngjevingane er mange, men ofte syltynne. Likevel vinn desse antikristne forslaga ofte fram. Eg etterlyser større engasjement frå dei som ikkje ønskjer ei slik utvikling i landet. Stå fram!