Han viser til at gudstenestedeltakinga er betre termometer på stoda i DNK. Og med utgangspunkt i si eiga heimekyrkje Herøy, kalla han situasjonen for krise.

Tal kan vere hjelp til å justere synsinntrykk og kjensler. Dei eksakte tala for Herøy kyrkje har gått ned dei siste åra. I dei siste fem åra er gjennomsnittleg deltaking gått ned 18 %, frå 157 personar til 132 personar. I 2022 er, er auken 68 %, frå 82 personar til 132 personar (SSB-tal henta frå «Kirka vår»). I statistikken ser vi tydelege spor frå koronainfluensa. Ei utfordring, ikkje berre i kyrkja, er å auke eller halde ved like tala frå før pandemien.

Bø si oppleving av at det ikkje er fleire enn 50 – 100 personar til stades stemmer ikkje, sjølv om han har rett i at det er færre som tar del. Gjennomsnittleg deltaking er 132 personar, men det skjer heilt sikkert ved særlege høve at talet er mellom 50 -100 personar.

Situasjonen er også meir samansett enn det som kjem til uttrykk i statistiske nøkkeltal. Etter sundag kjem seks kvardagar, fulle av aktivitet i mange kyrkjer. I den flotte Herøy-kyrkja trur eg at aktivitetsnivået gjennom veka er høgt.

Bø skriv at kyrkja brukar mykje ressursar på gudstenesta. Det er sant. Gudstenestelivet er viktig for den kristne kyrkja. Sams tilbeding er sjølve pulsen i kyrkja sitt liv. At gudstenesta ikkje angår medlemmene og er årsak til at så få deltar, er heilt sikkert noko av svaret på nedgangen. Det er ei utfordring å vere relevant for ulike deltakarar. Der liturgi, salmar og form er tilpassa den eine, er det andre som ikkje finn seg til rette i same konseptet. Det er stor avstand i alder, kultur og mykje anna hos dei ein kan finne i kyrkjebenkene i ei folkekyrkje.

Vi som har ansvar og teneste i kyrkja er ikkje alltid i toppform. Om gudstenesta skal vere underhaldningsarena, kan ho nok bli kjedeleg. Prest, andre tilsette og sokneråd har likevel høve til å auke kyrkja sin relevans. Innanfor gudstenesteordningane våre er det rom for å prøve ut gode idear og andre gudstenesteformer. Soknet har også høve til å arrangere og invitere til andre typar samlingar, slik kyrkjelyden i Herøy har gjort gjennom mange år.

Krise er eit sterkt ord som eg synest høver betre i andre samanhengar. Eg utfordrar Bø til å halde ut og halde fram med å engasjere seg. Og eg håpar at dette vesle ordskiftet kan føre til at fleire finn vegen til kyrkja dei neste sundagane. Det kan i tillegg hende at det er betre å samtale om relevans ut frå kvalitetsmål enn det er å måle relevans etter kvantitet (talet på deltakarar).