Kyrkja er landet sin største medlemsorganisasjon, seier Arvid Helle frå bispekontoret i Molde i laurdagsutgåva av Sunnmørsposten. Det er rett. Medlemsmassen i Den norske kyrkja er forunderleg stabil, seier han også. Det er også rett.

Det Arvid Helle ikkje seier, men som han burde sagt, er at oppmøtet til ei vanleg gudsteneste søndag føremiddag er dårleg. Også i Møre bispedømme. Det er katastrofalt dårleg!

Eg bur i Ytre Herøy, i eit av kristen-Norge sine kjerneområde. I Ytre Herøy bur det rundt 5000 menneske. På ei vanleg gudsteneste er der mellom 50 og 100 frammøtte. Det er langt over snittet i ei norsk høgmesse. Men det er berre mellom 1 og 2 prosent av innbyggjarane. I eitt av kristen-Norge sine kjerneområde møter berre litt over 1 prosent av innbyggjarane opp til kyrkja si hovudsamling søndag føremiddag! I eitt av dei andre sokna i Herøy er der mindre enn 10 som møter fram.

På Søre Sunnmøre er der mange bedehus. Aktiviteten der er ikkje som den var. Likevel er der framleis svært mange på Søre Sunnmøre som, om dei ikkje går på bedehuset lenger, så har dei eit positivt forhold til kyrkja. For det er rett, som Arvid Helle også seier, at dei som har ei kristen livstolking er i eit overveldande fleirtal. Men berre eit lite fåtal av desse møter opp til gudsteneste.

Dersom eg så spør dei som for så vidt kunne tenkje seg å møte, men som likevel ikkje møter, kvifor dei ikkje kjem, så slår dei ut med armane og seier at det som skjer i gudstenesta angår dei ikkje. Det vedkjem ikkje ein sunnmøring som er positiv til kyrkja og kyrkja sin Herre. Gudstenesta er rett og slett ikkje relevant!

Den norske kyrkja brukar svært mykje ressursar på gudstenesta. Det som skjer søndag føremiddag klokka 11 er utan samanlikning den viktigaste hendinga i kyrkja sitt virke. At gudstenesta ikkje angår dei aller, aller fleste av kyrkja sine medlemmer, bør uroe dei som styrer med gudstenestene.

Kristen tru har solid forankring i Møre bispedømme, seier Arvid Helle, og tek eit oppgjer med svartmålinga av kyrkja. Men gudstenesta søndag føremiddag har ikkje solid forankring! Difor er kyrkja i krise, også i Møre.

Eg har ikkje svaret på kva som må gjerast for å komme ut av krisa. Men eg har svaret på kvar vi må begynne: Vi må erkjenne at kyrkja er i krise!