Over 3 millionar er medlemmer i Den norske kyrkja (DNK). Sjølv om talet på medlemer dalar i høve talet på innbyggjarar i Norge, og medlemsprosenten går ned, slik som leiarartikkelen i SMP den 20. september viser til, er Den norske kyrkja framleis ei majoritetskyrkje, særleg utanfor dei største byane og i vår del av landet. Kyrkja er utan samanlikning landet sin største medlemsorganisasjon.

Tal som talar

Det er verdt å merke seg at sjølv om medlemsprosenten i Den norske kyrkja viser nedgang, så betyr ikkje det at talet på kristne i Norge blir tilsvarande redusert. Når ein kikkar bak tala viser det seg at medlemsmassen i Den norske kyrkja er forunderleg stabil. Ein stor del av folkeveksten i Norge skriv seg frå innvandring. Medlemsprosenten er dalande, fordi dei fleste innvandrarane ikkje er medlemmer. Dei fleste som kjem til Norge som innvandrar, høyrer likevel til i trus- og livssynssamfunn, og dei fleste av desse er i tillegg kristne som finn sin plass i mangfaldet av kristne trussamfunn her i landet.

Situasjonen i Møre bispedømme

Ein skal ikkje stikke under ein stol at medlemsprosenten i kyrkja, oppslutninga kring dåp/ konfirmasjon/vigsel/gravferd og gjennomsnittleg deltakartal på gudsteneste viser fallande utvikling. Utviklinga er ikkje positiv, og har skjedd gjennom ein del år, og er såleis uttrykk for trendar som ein verkeleg skal ta på alvor.

Ser vi på situasjonen i eige bispedømme, i Møre og Romsdal, så er likevel oppslutninga kring Den norske kyrkja sine tenester på eit ganske anna nivå enn på landsplan! Det er verdt å stanse litt ved tala.

(Tala er henta frå årsrapporten til Møre bispedømme for 2022.)

  • 75 prosent av innbyggjarane i Møre og Romsdal er medlemmer (67 prosent i landet)

  • 72 prosent av alle fødde blei døypte (53 prosent i landet)

  • 91 prosent av alle 15-åringar blei konfirmert (50 prosent i landet)

  • 90 prosent av alle innbyggjarar (83 prosent i landet) og 99 prosent av alle medlemmer, som døydde, fekk kyrkjeleg gravferd

Om ein legg til alle som høyrer til i andre kristne trussamfunn, t.d. tala frå den katolske kyrkja og frå dei verdsvide reformerte kyrkjesamfunna og frå frikyrkjer, kan vi dokumentere at delen som har ei kristen livstolking (medlemmer) og som nyttar kristne overgangsritar (kyrkjelege handlingar) er i eit overveldande fleirtal. Vi kan med imponerande sikkerheit slå fast at kristen tru har solid forankring i Møre bispedømme og at oppslutninga kring dei kyrkjelege handlingane er svært høg. Den norske kyrkja, i alle høve i vår del av landet, er ei sterkt forankra majoritetskyrkje. Situasjonen i Møre bispedømme er annleis enn inntrykket som ofte blir skapt!

Eit samfunn som endrar seg

Sjølv om tal og ting talar for at Den norske kyrkja i Møre står støtt og har stor oppslutnad, er det likevel sikkert at samfunnet vårt i nordvest er i endring ved at livssynsmangfaldet aukar og at talet som definerer seg som «ikkje-truande» veks. Det er ei utfordring at kunnskap og kjennskap til kristen tru minkar, og det er ei uro at medlemsprosenten blir redusert, og har gjort det over tid.

Church of England

Church of England står i ein stolt og sterk kyrkjeleg tradisjon. Frå å vere ei imperiekyrkje med stor oppslutnad, har kyrkja i England fått mange utfordringar. Church of England opplever endra oppslutning i folket og talet på personar som søkjer kyrkja ved livsritene er redusert. England har etter kvart blir definert som ein av dei mest sekulariserte nasjonane i verda!

Ein skal lytte til dei som kjenner utfordringane sterkast. Rev Dr Canon Sandra Miller i Church of England arbeider med utfordringane som knyter seg til fallande oppslutning. Miller peikar på tre utfordringar. Heilt kort kan ein punktvis nemne:

  • Kyrkja må gjere ein god jobb i møte med alle som søkjer kyrkja sine tenester

  • Kyrkja må byggje mangfaldige trus-fellesskap, ikkje fellesskap av meiningar

  • § Det er viktig for kyrkja å ta inn over seg spørsmålet til Miller “What would God do with us through Jesus Christ?” Kyrkja si drivkraft er Kristus, når vi i kyrkja inviterer, så er det ikkje til fellesskap med meiningar som definerer tru som semje, men til fellesskapet i trua på Jesus Kristus.

  • Kyrkja lyt ha mot til å bry seg, til å strekkje seg, til å elske.

Ein måte å møte utfordringane på

Den norske kyrkja har dei siste åra har arbeidd mykje med demokrati og kyrkjeordning. Resultatet så langt er at få fundamentale endringar er vedtekne. Kyrkjemøtet i 2023 konkluderte med å gi opp den om lag 20 år lange intensjonen om å vedta ei kyrkjeordning med felles arbeidsgivarlinje for alle tilsette i kyrkja. Framleis skal det vere slik at prestar og andre bispedømmetilsette skal tilsetjast regionalt og tilsette i sokna skal tilsetjast av sokna sitt eige organ på kommunenivå, det kyrkjelege fellesråd.

Vi som arbeider i kyrkja og alle medlemmene høyrer til trussamfunnet Den norske kyrkja. Uavhengig av teologisk overtyding, kyrkjepolitisk ståstad eller tilsetjingsorgan, er alle likeverdige medlemmer i trussamfunnet. Ein nøkkel til å halde oppe oppslutnad og til å utvikle kyrkja i møte med alle medlemmene, er at vi som arbeider i kyrkja samhandlar og står saman om kyrkja sitt oppdrag. Dei tre punkta som Miller nemner som nøkkelpunkt for Church of England, gjeld også i Møre Bispedømme.

  • Kyrkja må gjere ein profesjonell og skikkeleg jobb med alle som søkjer kyrkja

  • Kyrkja må forkynne evangeliet og invitere til trua sitt fellesskap

  • Kyrkja må våge å elske