Eg brenn for at skuleelvar burde få gratis buss, for kvifor burde ikkje alle få det?

Kvifor er det slik at ein som bor mindre enn 1 km vekk frå meg skal få gratis buss, men eg skal måtte betale kvar dag for å komme meg til og frå skulen?

For det første synest ikkje eg at det er riktig at elevar blir utestengt og hindra i å delta på skulen på grunn av økonomiske grunnar som å måtte betale for buss. Det er ikkje alle familiar som har råd eller er i økonomisk tilstand for å betale kvar dag, to gangar, for at barnet deira skal få komme seg til og frå skulen på ein trygg måte. Tenk på dei som har fleire barn i tillegg. Den offentlege skulen skal vere gratis for alle, kvifor skal så mange elevar da måtte betale for å komme seg frå og til den såkalla «gratis» skulen?

For det andre, så kan det til og med vere farleg for nokre. Ved å ikkje ha tilgang til gratis buss, vel somme å gå til skulen. Om du bor på bygda eller andre utkantar kan dette vere rimeleg farleg. Eg må sjølv ta til nytte med hovudvegen når eg skal gå til skulen. Då blir vi som går, og sjåførar, spesielt utsett for fare og ulykke.

Ifølgje Statens vegvesen var 1042 barn under 19 år i ei trafikkulykke i 2021. Dei fleste av desse ulykkene skjedde enten på veg til eller frå skulen. Om elevane på skulen hadde hatt tilgang til gratis buss, kunne vi kanskje ha unngått slike forferdelege ulykker.

For det tredje, så sender ikkje trafikkulykkene, eller det å måtte ha ein god familieøkonomi, ei positiv melding frå skulen eller staten. Det sender berre eit negativ signal om at ikkje alle har like moglegheiter og at skulen ikkje bryr seg om trygg og god veg til skulen. Om staten eller skulen kunne ordne gratis buss til alle elevar, så hadde det sendt ut ein veldig positiv melding som hadde vist samfunnets engasjement for utdanning og like moglegheiter. Det hadde også vist at dei bryr seg om både støtte til utdanninga og trivselen til elevane.

Det å skaffe gratis buss tilgang til alle skuleelevar har berre positive sider. Eg skjønner ikkje kvifor det ikkje allereie er gratis, men då tenkjer eg at vi i alle fall burde kjempe for å få det.

Hadde du likt å gå ute i 40 minutt, i fleire minusgrader og uvêr for å komme deg til skulen?