Medan høgresida foreslår kutt, vil SV auke midlane til kommunar og fylke med til saman over 5 mrd. kroner.

Kommunane og fylka er grunnmuren i velferdssamfunnet. Det er desse som har ansvaret for at vi har velferdstenester for alle uansett lommebok. Skule, barnehage, tannhelse, kollektivtransport, ferjer, primærhelsetenester, eldreomsorg, grøn samfunnsutvikling, og at det blir lagt til rette for at alle har ein stad å bu, er alt saman eit offentleg ansvar.

I kommune etter kommune er det ein tøff kamp for sikre tenestetilbod, bemanning og institusjonar. Finansieringa av kommunar og fylke må stå i stil med oppgåvene. Difor meiner SV at fylka og kommunane må få meir pengar til å løyse oppgåvene, ikkje mindre. Fylkeskommunane kjempar ofte med ryggen mot veggen for å halde ved like vegar, sikre kollektivtilbod, halde takstar nede og ha god frekvens på ferjeavgangane.

Etter to år med raudgrøn regjering, fossar høgresida fram på meiningsmålingane, men er folk klar over kva som då er i vente? Realiteten er at bak fine ord om valfridom, skjuler det seg ofte store offentlege kutt, sentralisering og privatisering. Skattelette for dei med mest, og kutt i velferd for dei som har minst. Forskjellen på SV og Høgre sitt alternative budsjett er over 8 milliardar kroner for fylke og kommunar. Medan SV ynskjer betre velferd for dei med minst og ein meir aktiv nærings og distriktspolitikk, vil høgresida la «marknaden råde», og kutte mange av dei velferdstiltaka som SV har forhandla fram. Då ryk tannhelsereform, gratis SFO, auka barnetrygd og sosialsatsar.

I Høgre sitt alternative reviderte nasjonalbudsjett har partiet foreslått kutt på over 1,7 mrd. til fylka. For Møre og Romsdal sin del vil det seie meir enn 112 mill. mindre å rutte med. Det betyr mindre pengar til ferjer, kollektivtransport, vidaregåande utdanning, breiband og tannhelse.

I kommuneproposisjonen 2024 fremja SV ei auke i budsjettet til kommunar og fylke med over 5 mrd. kroner, der 1 mrd. er frie inntekter til kommunane og 500 mill. frie inntekter til fylka. SV vil også ha eit inntektssystem som kompenserer for levekårsutfordringar og tek høgde for dei særskilde utfordringane i distriktskommunane.

Sjølv om færre kommunar går i ubalanse og kjem på den såkalla ROBEK-lista, så er ikkje det same som at kommunane har råd til å gi god velferd til alle, sikre godt vedlikehald og gjere naudsynte investeringar. Kutt i skule og helsebudsjetta er realiteten for mange. SV ynskjer nok bemanning i skule, SFO og eldreomsorg, og god kompetanse i areal og miljøforvaltninga over heile landet. Difor meiner SV at det er viktig å auke løyvingane til fylke og kommunar.