Men dette toget går snart. Gåva kan ryke. Gondol på Sulafjellet og ei heilt ny næring med reiseliv, handel og sentrumsutvikling. Kven vil sette seg imot det? Jo, nokre er det, og det er dei vi har høyrt mest frå. Dei er i sin fulle rett til å kjempe for sitt syn, men dei tek på seg eit stort ansvar. Når historia til Sula skal skrivast, vonar eg ikkje 2023 vert året då saka om gondolen glapp, den store gåva. For kva slags alternativ sit Sula igjen med då? Sula er ein av landets fattigaste kommunar. Vi har ikkje råd til å bruke pengar på næringsutvikling. Heller ingen næringar eller bedrifter spør etter tomter eller næringslokale. Tusenvis kvadratmeter står tomme berre i Langevåg. Kreative krefter har prøvd å få til utvikling utan å lukkast. Men gjer det eigentleg noko? Kan vi ikkje berre satse på å vere ein soveby til Ålesund?

Utan bedrifter og lønsame næringar vert det ikkje særleg høge skatteinntekter. Krukka å ause av til gode formål som kulturhus, tettstadutvikling og mange viktige velferdsformål, vert sørgjeleg lita. Sula klarar seg godt hevdar nokon, for vi har pengar på bok. Ja, riktig. For mange år sidan vart aksjar i Tafjord Kraft seld. Det gav mange gode kroner som skulle settast av på renteberande fond og aksjar. Berre avkastninga skulle nyttast i driftsbudsjetta. Slik gjekk det ikkje. Mykje av fonda er no brukt opp, riktig nok til mange heilt naudsynte investeringar.

Snart skal Sula kommunestyre handsame områdeplanen for gondoltraseen. Utan å ha lest sjølve høyringane, har eg fått med meg så mykje at det er nei-argumenta som dominerer. Det er ikkje uvanleg. Bl.a. statsforvaltar og fylkeskommunen leiter berre etter negative innspel. Det er jobben deira. Men dei er berre høyringsinstansar.

No er det viktig at politikarane våre ser heile biletet. For det er kommunestyret som skal gjere vedtak. Ved eventuell mekling hos statsforvaltaren i forkant, vonar eg ordføraren vert saman med Flakk og kan peike på alle dei positive sidene for lokalsamfunnet. Avgjersla må baserast på ei avveging og balansering av argument både for og imot. Ansvaret er stort og vedtaket er det viktigaste Sula kommune gjer sidan kommunen vart oppretta 1.1.77. Ei anna hending som kanskje har betydd like mykje er at Flakk-gruppa i si tid overtok Devold. Dei er dyktige og flinke folk som har vist seg å sette kvalitet i høgsetet. Dei legg lista høgt og dei kan reiseliv.

Eg vonar at dei når dei måla dei har sett seg, til stor glede for alle oss som bur her. Vidare vonar eg at ikkje Flakk-familien er skremt bort frå Sula. Mitt inntrykk er at dei aller, aller fleste av oss heiar på dykk. Vi treng dykk. Vi er glade i dykk. Vi ønskjer dykk lukke til!