Det som ikkje er så bra er nettopp korleis ho vel å svare meg og alle dei andre som i ettertid har takka meg fordi eg seier det mange tenker i desse dagar. Ho må gjerne meine eg «synsar» og er «flåsete», men det løyser ikkje kvardagen til alle dei som står i matkø eller som ikkje klarer å betene heilt naudsynte kvardagsutgifter sjølv om dei står i jobb.

Eg les at statsråden framleis lev i den tru at om folk berre kjem seg i jobb eller marknadstiltak så blir matkøen borte. Du skriv også at menneske som har problem bør kontakte Nav.

Eg er redd dette er ei grov forenkling av eit komplekst problem. Arbeid i seg sjølv er ikkje løysinga aleine eller svaret på fattigdom.

Som eg skreiv i mi meiningsytring så er det fleire faktorar som ligg til grunn for at vi no har ei eksplosiv mengd menneske som står i matkø, menneske som aldri har sett seg sjølv gjere det tidlegare, og som eg med fleire ikkje trur står der fordi dei vil «bruke matpengane på andre ting», som du Brenna har antyda i tidlegare utsegn.

Ein person kan faktisk ha ein god jobb og vere i fattigdom om lønna er for lav til å dekke grunnleggjande behov for seg og sin familie. Det heiter arbeidsfattigdom, og burde vere noko som du er kjend med som sjef for NAV. Eg reknar med du har lese om dei som no blir straffa for å ha tatt kontakt med Nav og no sit i botnlaus gjeld til nettopp Nav.

Ta deg ein tur ut i den verkelege verda. Spør han eller ho som har tatt det audmjukande skrittet og står i matkø korleis statistikkar frå Statistisk sentralbyrå skal hjelpe familien gjennom jula. Dei fleste treng hjelp her og no.

Det er eit faktum at det er du og di regjering som akkurat no sit med nøkkelen for å treffe strakstiltak. Då nyttar det ikkje å sitte stille i båten og vente på at det skal gå over av seg sjølv.

Her er nokre små tips til deg frå meg. Kva med å lette skattetrykket på arbeidsinntekt, auke straumstøtta samt innføre makspris – og i tillegg redusere avgifter som regjeringa med samarbeidspartnar Sosialistisk Venstreparti berre har auka. Desse tiltaka kunne ha ført til ei stor forandring for mange familiar. Eller for å seie det på ein anna måte, kva med å la dei som no er så heldige å stå i arbeid få behalde nokre fleire av kronene dei tener?

Så veit eg at det er andre tiltak som er naudsynt og som har ei breiare og heilskapleg tilnærming til fattigdomsproblematikken. Det inkluderer tiltak for å fremje anstendig arbeid, sosial fallskjerm, tilgang til kvalitetsutdanning og helsetenester, og ei rettferdig inntektsfordeling. På alle desse område har de ein veg og gå.