7. desember 2023 la Raudt fram eit forslag om at kommunen må arbeide fram ein handlingsplan mot fattigdom med særleg vekt på barnefamiliane sin situasjon i samarbeid med kommune og aktuelle organ i lys av at fleire og fleire slit økonomisk, og fleire barn veks opp i fattigdom i Noreg og Ålesund.

Ein slik plan skal vise til kva tiltak vi som kommune kan gjere for å redusere familiefattigdom i kommunen vår. Dessverre fekk vi ikkje noko støtte frå dei styrande partia, då berre AP, KRF, SV og MDG støtta Raudt sitt forslag.

Ironien er at alle parti stod og rekte opp handa på eit folkemøte arrangert av Redd Barna at dei ville jobbe for at kommunen skulle få ein handlingsplan mot fattigdom, når dei blei spurt om dette direkte.

Kva er så formålet med ein slik handlingsplan? Jo, planen skal skildre grunnleggande årsaker til fattigdom i kommunen vår, og framheve ein rekke tiltak og strategiar for korleis vi kan motverke fattigdom og konsekvensar av det. Det gir politikarane eit verktøy til å sjå heilt konkret kva tiltak og handlingsrom vi som kommune har. Det gir også politikarane eit meir forpliktande dokument å forholda seg til.

No vil heilt sikkert posisjonen skrive eit motsvar kvar dei trekk fram at dei la inn gratis aktivitetskort i budsjettet sitt – som dei skal ha honnør for. Det gjorde også alle andre parti som la fram budsjettforslag, Raudt inkludert. Vi må likevel kunne gjere meir enn dette. Vi må få fram tiltak som også råkar dei som ikkje har barn, dei som er pensjonistar, og dei som har veldig små barn.

Posisjonen vil også trekke fram at dei gjer at folk får meir i lommeboka si fordi dei ikkje aukar eigedomsskatten, og for at dei sett helsetenester og reinhald ut på anbod. Men vi treng politikk for dei som ikkje eig sin eigen bustad (mange av dei som har lav inntekt gjer ikkje det). Vi treng politikk for at dei som er reinhaldarar og jobbar innan helse har ein arbeidsgivar som syt for rettferdige lønnsforhold og pensjonsrettar.

Eg kan berre håpe at neste gong vi skal handsame budsjett er innstillinga annleis frå dei som styrar kommunen, og at vi kan få gjennom gode tiltak som løfter fleire ut av fattigdom.