Senterpartiet har klart noko eg aldri trudde dei kom til å klare: å terge på seg landets bønder, til det punktet at bøndene demonstrerte framfor Stortinget, mot Senterpartiet sin politikk.

Stortingsmelding 11 som skulle sikre bøndene eit talgrunnlag for sin inntekt i lang tid framover, men enda opp i det reine kaos. Korleis klarte Senterpartiet å rote det så grundig til?

Kravet frå bøndene var enkelt: Ærlege tal. Men det kan vel ein knapt kalle det regjeringa kom med.

Det var Senterpartiet sin eigen landbruksminister Geir Pollestad, som la fram og forsvarte modellen til regjeringa i Debatten på NRK i beste sendetid. Med blant anna 145 timar meir i eit bondeårsverk samanlikna med andre, og 20 prosent luftpengar i normering eit oppblåst talgrunnlag på inntekta.

Regjeringa hoppa i høyet med Høgre og Venstre for å få fleirtal, utruleg nok når dei same partia er dei største rivalane til Senterpartiet i landbrukspolitikken. Men rota det til og mista støtte for sitt eige forslag.

Bøndene sjølve ynskte forslag 25 som var lagt fram. Som var det forslaget som kom i møte bøndene på dei fleste punkt. Men forslag 25 frå SV, KrF, MDG og Raudt, med eit timetal på 1700 per årsverk, likt med andre lønstakarar, og berre 5 prosent normering, det falt. Det vart derimot einigheit om 1750 timar per årsverk, eit steg i rett retning.

Regjeringa hadde ei gyllen mogelegheit til å få fleirtal for eit betre grunnlag for bøndene, men skufla den moglegheita vekk, som fleire politiske kommentatorar kallar eit elendig politisk handverk.

Landbruksminister Pollestad og andre sentrale senterpartistar skryt av at bøndene får det betre, men frå bøndene si side er det langt frå same oppfatning. Leiar i Norsk Bonde og småbrukarlag Tor Jacob Solberg sparte ikkje på kritikken til regjeringa, og er særs skuffa over utfallet. Saman med mange bønder.

Sjølv drivne Senterpartistar har gått kraftig ut mot sitt eige parti. Ja, sjølv utmeldingar som følge av frustrasjonen til Senterpartiet sin manøver i stortingsmeldinga.

At bøndene sitt eige parti kunne sende høygaffelen så grundig gjennom eigen støvel, var mektig overraskande, sjølv for meg.