Kommentar til Ragnar Bakken sitt innlegg i Sunnmørsposten laurdag 12. februar.

Bakken opplever det som «rein trenering» at vegvesenet vil sjå på fleire alternativ til løysing for E39/E136. Sjølv opplever eg det som at det endeleg blir vist vilje til å høyre på argumenta som vi som bur i Solnørdalen, Furlia, Solnør og Valle har peika på. Utfordringar som vi tok opp, både under folkemøta og i høyringssvara våre i 2018, men som den gongen vart tilsidesett som «noko ein kan ta i neste runde» (sitat frå då politikarane i Ørskog behandla saka. Ja, eg var på møtet!).

No er vi i neste runde, og det kom tydelegvis overraskande på enkelte at utfordringane som vart peika på i 2018 framleis er der. Kven er det då som trenerer prosessen? Er det dei som vil ta tak i problema undervegs – eller dei som vel å skuve dei framfor seg? Eller var det slik at vi berre skulle late att auge og øyrer for det som blir peika på i ein høyringsrunde?

Eg set min lit til at dei folkevalde er opptekne av å finne ei framtidsretta løysing som er god både for dei som bur på Sjøholt og dei som bur i andre område på denne strekninga. Eg set også min lit til at dei kjem fram til ei løysing som kan gjennomførast utan å øydelegge naturområde som vi har vedtak på at vi skal verne for komande generasjonar.

Då kan ein ikkje berre dure på forbi Solnør Gaard og gjennom Solnørdalen, det er ingen område mellom Digerneset og Ørskogfjellet som har fleire nasjonale og lokale verneområde enn nettopp her. Statsforvaltaren understrekar også at det ikkje berre er å presse ein veg ved sida av verneområda – ein må altså finne ei anna løysing.

Dette er ikkje noko ein berre kan setje ein strek over. Ein kan heller ikkje berre setje (nok) ein strek gjennom Valle, og tenkje at dei lever noko betre med ein slik veg gjennom bumiljøet sitt enn oss andre.

Kommunedelsutvala i Ørskog og på Skodje har foreslått tunnelløysingar gjennom Valle og Liafjellet. Slik kan ein skåne både bumiljø og verna natur. Veglinja som er teikna opp gjennom Straumen er også naturleg å sjå på i ein slik samanheng. Kvar møter ein på minst utfordringar?

Det er ikkje noko påbygg på ein garasje politikarane skal stemme over, men ein veg som skal tene oss i fleire generasjonar framover.

I ei så viktig og krevjande sak kan det vere lurt å trekkje pusten, heve blikket og sjå om ein verkeleg har det beste alternativet framfor seg. Det er ikkje å trenere, det er å vise respekt for den oppgåva ein står framfor. Det er ikkje noko påbygg på ein garasje politikarane skal stemme over, men ein veg som skal tene oss i fleire generasjonar framover. Då må ein ta seg tid – og råd – til å lande på den beste løysinga, både for oss og dei som kjem etter oss.

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegg til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!