Alt syntest å gå i tråd med god demokratisk praksis fram til folkeavstemminga. Måten Ålesund kommune har takla dette etter avstemminga har både skuffa og uroa.

Demokratisk sinnelag

Som ung samfunnsinteressert elev, oppsøkte eg skulebiblioteket for å finne materiale til ein stil om demokratiet. Då lærte eg noko viktig, som eg seinare har hatt med meg. Eit fundament for demokrati er frie val og naudsynt jus og regelverk rundt dette. Men dette er ikkje nok for å realisere eit reelt, modent og velfungerande liberalt demokrati, slik vi vil ha det.

Demokratiet må også gjenspegle demokratisk sinnelag. Det betyr mellom anna at fleirtalet forstår, viser omsyn til og ikkje køyrer over mindre grupper i saker som er viktige for desse. Demokratisk sinnelag bør helst sitje i ryggrada til oss alle, men det er naturleg nok spesielt viktig at dei som er valt til å utøve makt er klar over, og etterlever eit slikt demokratisk ideal. Elles kan også vårt demokrati forvitre.

Dersom ein er i tvil om kva som eigentleg er viktig for ei gruppe har vi eit hjelpemiddel – folkeavstemming. Det landet som er mest kjent for å bruke dette er Sveits. Hos oss er det som oftast rådgjevande avstemmingar. Det betyr naturlegvis ikkje at det er eit tilfeldig råd. Dersom deltakinga er høg og rådet er klart, vil det vere eit klart brot på det demokratiske sinnelaget å late eigeninteresser overkøyre eit slikt råd. Eg ser at fleire som deltok i avstemminga i denne saka også endra si stemme på denne bakgrunn. Dei viste sitt demokratiske sinnelag. Dei som sa pytt dette var jo berre eit råd – dei skuffa meg.

Eg håper sistnemnde reflekterer over kva slags demokrati dei eigentleg vil ha.

Det er no mange som uroar seg for tilbakegang og svekking av demokratiet. Sidan demokratiske haldningar er under press i vår tid, har det ved Universitetet i Oslo (og i fleire andre land) blitt sett i gang forskingsprosjekt om demokratisk sinnelag. (apollon.uio.no).

Eg hadde venta at leiinga i ei storkommune som Ålesund ville vise sin profesjonalitet, og god forståing av demokratiske spelereglar heilt til endes i ei så stor og viktig sak for dei det verkeleg gjeld. Også for å vinne den tilliten som er viktig og verdifull eigenkapital i andre samanhengar. Kommunedirektøren presterer reknestykke, som ville stå til stryk i statistikk der eg har mi utdanning. Demokratisk sinnelag synest fråverande – kva med etikken? Limet i det norske demokratiet er tillit. No kan rett nok alle gjere feil, men dei fleste er raske med å rette det opp når dei har snubla.

På parti med framtida og dei unge

Sidan Haram fekk si form i 1965, utvikla kommunen seg til å bli ei vital og næringsvennleg kommune, med god livskvalitet. Slik eg har oppfatta det, med stadig betre samarbeid innetter.

Det å trekkje ein aust – vest strek tvers gjennom halvøya, slik at innbyggjarane skal vende andletet kvar sin veg og ryggen til kvarandre, vil etter mi vurdering vere ei ulukke for alle. Ingenting er betre for dei i nord enn at det går godt for dei i sør, og vice versa. Meir enn nokon gong treng ein kvarandre. Haram har utvikla sin kultur, og har hatt andre prioriteringar enn Ålesund. Ålesund er prega av at handel og tenester er dominerande næringar. Etter kvart har også høgskule og utdanning gledeleg nok fått stor plass. Det treng regionen. Haram har fokus på næringssiv og var ei av landets største industrikommunar. Kultur og haldningar er altså litt ulike. Siste tids erfaring gjer meg ikkje trygg på at det er “byfolket” som vil ta dei beste avgjerdene når ein skal prioritere og gjere vedtak om utviklinga innan viktige område som skule, eldreomsorg og arealbruk i Haram.

Det vil også vere negativt for Ålesund om næringslivet i Haram (eller andre kommunar rundt byen) stagnerer. Kommunegrenser treng ikkje vere eit hinder for ein vekstkraftig og sterk region med Ålesund i spissen. Kanskje er lokaldemokratiet trass alt meir eit aktivum enn ei begrensning også i denne samanheng. På lengre sikt forhåpentleg vis til glede for både Haram, Ålesund og heile regionen.

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegget til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!