Fylkestinget har viktige oppgåver innan utdanning, samferdsel, folkehelse, tannhelse, næringsutvikling og kultur. Difor betyr det noko kven som styrer!

Møre og Romsdal SV har verkeleg toppa laget til dette valet. Øvst finn vi bygdesosialisten personleg, Marit Aklestad frå Ørsta.

To periodar i Ørsta kommunestyre har vist at ho brenn for dei som har minst, for å ta vare på dyrkajorda og styrke Vestlandslandbruket, og for å halde oppe viktige tenester ute i distrikta.

Som busett i ei lita bygd veit ho kvar skoen trykkjer, mellom anna kor viktig det er at ferjene går ofte nok! Ein desentralisert vidaregåande skulestruktur, styrking av mobbeombodet og rimelege kulturtilbod for ungdom er andre viktige saker.

På 2.-plass finn vi noko så sjeldan som ein SV-ordførar! Yvonne Wold og Rauma SV gjorde eit brakval i 2019, Yvonne vart ordførar, samstundes som ho ved hjelp av dyktig diplomati og heimebaka bollar medverka sterkt til å få på plass raud-grønt fleirtal i fylkestinget.

Yvonne styrer Rauma med stø hand, ho er ein synleg og tilgjengeleg politikar, og ho legg stor vekt på nærleik til folk. Ho kjenner fylkespolitikken godt, og noko av det ho vil prioritere i neste periode er støtte til grøn nærings- og tettstadutvikling rundt om i fylket. Anders Lindbeck er 3.-kandidat, og kanskje kan vi kalle han bypatrioten i SV-laget?

Anders har lang fartstid både i Ålesund bystyre og fylkesting.

Han brenn m.a. for å prioritere trygge kvardagsvegar, hyppige grøne ferjer og gode kollektivløysingar framfor dyre og miljøfiendtlege motorvegprosjekt som Møreaksen og ferjefri E 39.

Betre, billigare og meir fleksible busstilbod og bypakkar som legg til rette for at fleire kan gå, sykle eller reise kollektiv i byane, står høgt på lista over saker Anders vil jobbe for på fylkestinget.

Line Karlsvik jobbar som advokat i Kristiansund, og har også lang fartstid.

Ei av hjartesakene hennar er at tennene er ein del av kroppen. Takka vere at SV i budsjettforliket fekk sett i gang ei tannhelsereform, er målet om at det ikkje skal koste meir å gå til tannlegen enn til legen i sikte!

I mellomtida vil SV kjempe for å halde oppe det desentraliserte tilbodet i fylket vårt, og utvide tilbodet til fleire grupper.

Håvard Brændeland, 5.-kandidat, og ungdomskandidaten til SV.

Han er naturleg nok oppteken av utdanning, og vil arbeide for at fleire vel yrkesfag.

Som musikar brenn han også for kultur. Det som ligg hjartet hans aller nærast er likevel klima- og naturkampen. Vern av Mørebankane, å sikre natur mot nedbygging, etterspørje sirkulære grøne løysingar og vere pådrivar for at det grøne skiftet blir eit konkurransefortrinn for næringslivet er viktige stikkord.

At Håvard let handling følgje ord, viste han då han lenka seg fast ved anlegget i Vevring for å hindre dumping av farleg avfall i Førdefjorden.

Syns du dette er viktige saker? Då vil ei stemme til SV ved fylkesvalet vere med på å gje desse sakene viktige stemmer på Fylkestinget.