Nyleg leste eg om ein eldre mann som hadde fått kutta straumen, han fraus i hel i kulda. Dødsfallet blei ikkje oppdaga før det var gått ei tid, og då hadde denne stakkars mannen bokstaveleg tala frose fast i sin eigen heim.

Eg undrar meg stadig over korleis vesle, varme og tillitsbaserte Noreg har hamna dit vi er i dag.

I Herøy kyrkje sit Suel Kassembo i kyrkjeasyl medan ein ventar på at ankesaka hans skal opp, etter at han tapte saka sin mot staten.

Suel kom til Noreg som mindreårig asylsøkar, 16 år gammal, frå Burundi. Han hadde mista familien sin og måtte rømme landet. Velkomsten han fekk i Noreg var å ikkje bli trudd, verken på alder eller kvar han kom frå. Slik blei han stempla som «ureturnerbar». 19 år seinare kan Suel bevise at han har snakka sant heile tida, han er faktisk frå Burundi, og kunne endeleg bevise dette. Staten sitt svar på ærlegdom var å arrestere Suel og sende han til Trandum, for no hadde «den kalde staten» plutseleg eit land å returnere Suel til.

I mellomtida har Suel, som eg kjenner personleg, som eit varmt og ærleg menneske, levd i uvisse i 19 år. På desse åra har han lært seg norsk, bidratt som frivillig inn i det norske samfunnet, fått seg jobb og betalt skatt. Han er godt likt i lokalsamfunnet og er ein respektert samfunnsborgar. Trass i dette blir han «lagt i jern» og frakta som forbrytar til frykta Trandum leir, medan ein ventar på å bli sendt ut av landet. Til eit heimland han ikkje kjenner og som han i tillegg risikerer å bli drepe i. Alt dette for å snakke sant og ville gjere det som er rett.

Kva er moralen i saka til Suel? Jo, at det å vere ærleg, å snakke sant og ville gjere det som er rett, ikkje løner seg. Slik har altso dette landet, som eg heile mitt liv har vore så stolt av å vere fødd og oppvaksen i, utvikla seg.

No kjenner eg meg berre trist og vantru over den retninga dette samfunnet og landet har tatt.

Eg meiner Suel si sak, er eit symptom på eit sjukt samfunn. Eit samfunn der sanning og ærlegdom ikkje lenger blir verdsett, eller lønar seg, og dette stikk langt djupare enn Suel si sak.

No må politikarane snart vakne og sjå korleis menneske i dette landet bli behandla. Dersom politikarane hevdar å bry seg om minoritetar, bør dei stå opp og vise at dei bryr seg om den minste minoriteten av alle, einskildmenneske, som stadig taper mot den store, sterke staten.