Sunnmørsposten sin leiar den 1. mars skriv at eg har kritisert Høgre for ikkje å ha vore med på å rose regjeringa for å ha bidrege til å understreke betydninga av å oppretthalde ein ansvarskultur i norsk politikk.

Det er feil. Poenget mitt er at Høgre i handsaminga av habilitetssakene i kontrollkomiteen har vald å ikkje stå opp for ansvarskulturen i norsk politikk.

I kontrollkomiteen si innstilling står eit stort fleirtal i komiteen – alle parti unntatt Høgre – bak ei uttale om at det er avgjerande at norsk politikk vert prega av ein ansvarskultur.

I uttalen heiter det:

«Flertallet viser til at to statsråder har gått av som følge av habilitetssakene som behandles i denne innstillingen, og understreker at dette er den aller tydeligste og mest alvorlige måte en statsråd kan ta politisk ansvar på.»

Dette er sjølve bærebjelken i tilliten mellom storting og regjering, mellom folket og dei som er sett til å styre. At Høgre vel å stå utanfor ei slik formulering i innstillinga skuffar meg.

At kontrollkomiteen sin leiar i debatten med meg kalla denne formuleringa for «ein komisk hyllest av regjeringa», får stå for hans eige ansvar.