Sunnmørsposten er i sin leiarartikkel 26. juli skeptisk til Venstres framlegg om å gi nødvisum til russiske forskarar som er kritiske til Putins krig mot Ukraina. Det er sjølvsagt greitt, men eg meiner avisa heng seg opp i eit noko søkt feilspor.

Venstre og eg har ikkje tatt til orde for å nedprioritere ordinære asylsøkarar til fordel for høgt utdanna russiske forskarar. Russarar som søker asyl fordi dei er motstandarar av Putins diktatur-regime skal sjølvsagt bli vurdert på same måte som andre. Dei skal ikkje «snike i asylkøen».

Men som Sunnmørsposten sjølv skriv, er det fullt mogleg å legge til rette for at russiske akademikarar kan kome til Noreg på andre måtar enn å søke asyl. Det er det Venstre meiner er den beste måten å gjere det på. Til dømes kan regjeringa løyve pengar til universitet og høgskular for å ta imot fleire russiske akademikarar gjennom den allereie eksisterande Scholars at Risk-ordninga – ei ordning som i dag må finansierast av universiteta og høgskulane sjølve.

USA gjorde det på 1990-talet lettare for sovjetiske forskarar å få jobbvisum. Joe Biden har nyleg tatt til orde for å gjere det same igjen, i ein større skala. Eg meiner at Noreg bør tenkje i same baner. Vi har kapasitet, vi har ressursar, vi treng fleire «kloke hovud» i næringsliv og akademia, og ikkje minst: Vi er eit naboland som kan og må syne i praksis at vi ikkje møter russarar som snur seg mot Putins krig med ei stengt dør.

Venstre meiner «hjerneflukt» kan vere eitt av mange viktige våpen på lengre sikt mot Putins regime – og at det er mogleg å legge til rette for det utan å setje asylinstituttet i spel. Klarer vi det, trur eg Sunnmørsposten, Venstre og Joe Biden er samde om målet: Å gjere alt vi kan for å stoppe Putins krig.