6. august var eg i Volda når alle partia i Volda hadde valkampopning. Der har alle parti underskrive eit «opprop for ein anstendig valkamp og mot sjikanering og trakassering av menneske som ytrar seg». Vi har ikkje eit slikt opprop mellom partia i Ålesund, men kanskje vi burde hatt det?

I Sunnmørsposten har ordførarkandidat Hans Kjetil Knutsen i Ålesundslista eit innlegg der han går til personleg frontalangrep på leiaren i planutvalet Tore Johan Øvstebø og eg siterer frå overskrifta og innleiinga: «Øvstebø elsker å bruke dine penger Tore Johan Øvstebø (KrF) smiler hver gang han får stikke begge hendene langt ned i andres lommebok, og bruke dine penger etter eget forgodtbefinnende» Dette blir vidare kommentert av andre på Ålesundslista på sosiale medium som støttar fråsegnene til Knudsen.

Det at Knutsen som tidlegare journalist og redaktør i Sunnmørsposten kjem med slike karakteristikkar er vel ikkje overraskande, men at Sunnmørsposten, Knutsen tidlegare arbeidsgjevar, skyv grensa for kva som skal vere debattklimaet overraskar meg. Eller er det eigentleg det? Vi har ved fleire høve sett at kommentarfelta til Sunnmørsposten har vore prega av sjikane og trakassering, og Sunnmørsposten har vore veldig seint ute med å redigere og dermed svikta si moderatorrolle.

Knutsen sine påstandar om at Øvstebø «elsker å bruke dine penger» er ein hersketeknikk der Knutsen tek mannen i staden for ballen. I saka om reinseanlegg, som innlegget eigentleg handlar om, har leiaren av planutvalet Øvstebø vore svært ryddig og har brei støtte i kommunestyret i Ålesund. Både i denne og andre saker har Øvstebø vore særs ryddig og påliteleg. Vedtaket om reinseanlegg er basert på ei grundig og god saksbehandling både av administrasjonen og politikarane i Ålesund. Det er berre å gå inn på nettsida www.blafjordar.no og sjå den administrative og politiske sakshandsaminga.

Eit stort fleirtal av representantane frå Arbeidarpartiet, Senterpartiet, KrF, Mdg, SV, Venstre og Høgre støttar det nye reinseanlegget. Høgre, som Ålesundslista ønskjer å samarbeide med, har nytt reinseanlegg på Kongshaugsstranda (Kvasneset) i sitt program for neste periode. Fleirtalet i Ålesund ønsker eit framtidsretta reinseanlegg og som er heilt nødvendig for å hindre byggjestopp i store delar av Ålesund og Sula.

Men tilbake til ordskiftet i valkampen. Eg vil oppmode alle listekandidatar i Ålesund, og spesielt ordførarkandidatane, om å ta eit spesielt ansvar fram mot valet 11. september. Sunnmørsposten har også eit ansvar på sine nettsider og kommentarfelt slik at alle kan følgje oppmodinga frå Volda om ein anstendig valkamp og hindre trakassering. Godt val!