Det har dei oppnådd ved å argumentere og demonstrere i ope lende til liks med kvinnerørsla og andre folkelege rørsler. At det står mykje att i haldningar, er noko anna.

Kvinnerørsla har kjempa i 150 år i Noreg, og det er framleis mykje kulturelt vrakgods att.

Det eg kritiserer er transaktivismen, som hevdar at menn kan bli kvinner om dei seier det, og ideen om at det er fleire enn to kjønn.

Desse ideane er som granskogen, dei tek over og skader no barn, kvinner og homofile.

Barn vert fortalde at kjønn er noko ein kan velje. Denne skadelege lygna vert òg spreidd av Fri som får eit tosifra tal statlege millionar kvart år.

Motstandarane av denne ideologien rundt om i verda vert melde til overordna, misser jobben og truga. Den britiske forfattaren J.K. Rowling kan, som ho seier, tapetsere det store huset sitt med truslar om drap og valdtekt.

Ein av pionerane mellom homofile, den over 70 år gamle Fred Sargeant, som var med i det vidgjetne Stonewall-opprøret i New York og var med å starte den første Pride-paraden, vart slått ned, spytta på, tømt kaffi over og rana av deltakarane i eit pridetog (!) i Vermont USA no i september.

Alt dette utan at nokon i dette toget for kjærleik forsvara den gamle mannen.

Heile denne skadelege kollektive psykosen må ta slutt.

Det finst berre to kjønn og det er umogleg å skifte kjønn.