Vipa har eg ikkje sett eller høyrt på Sunnmøre – der eg er ifrå – på svært mange år.

Det er bøndene sjølve som må ta grep for å redde bestanden. Nøkkelordet er førsteslåtten. I dag er slåmaskinene skremmande effektive. Tempoet i førsteslåtten er så høgt at kyllingane (som ikkje er flygedyktige) ikkje har sjanse til å komme unna. Dermed så går det gale.

I Drøbak – der eg har budd i snart 25 år- er det kornproduksjon som er mest vanleg. Vipa hekkar i dei store kornåkrane – og ser ut til å klare seg. Bøndene på Austlandet tresker kornet eit par månader seinare enn grasbonden sin førsteslått. Når kornbonden på Austlandet tresker kornet er kyllingane så store at dei klarer å komme seg unna.

Grasbonden må gjerne vere effektiv med 2. og ev. 3. slåtten. Då er vipekyllingane flygedyktige, eller i det minste store nok til å flykte

Slåtten ja, men ein må også vere klar over at ramn, rev, mink og kråker gjer sitt for å halde bestanden nede. Minken er endåtil svartelista.

Skal vipa (og for så vidt åkerrikse og storspove) klare seg – må sprøyting med insektmiddel reduserast til eit minimum. Insekt er føde for desse flotte fuglane. Dropp gjerne kantslåtten også, og la blomster få vekse fritt. Naturen har ein eigen evne til å hente seg inn igjen. Blir forholda lagt til rette vil vipa komme tilbake til kulturlandskapet – ikkje neste år – men kanskje om 20 – 30 år – til glede for framtidige generasjonar!