Ja, det eg her fører i pennen er påstandar. Vil du vite meir eller søke hald, så google gjerne.

Å sette syntetisk nitrogengjødsel i jorda er som å prøve å bli sunn ved å ta anabole steroid. Det er kortsiktig, reduksjonistisk tenking som er urørt av sunn, moderne, systemorientert jordvitskap.

Morrows Plots ved University of Illinois Urbana-Champaign er verdas eldste eksperimentelle stad for å studere effekten av forskjellige typar gjødsel på jord. (Deira landbruksforsking starta i 1876!).

Forskarar begynte å måle effekten av syntetisk nitrogengjødsel på jordhelse frå 1967. Det de har funnet i tiåra sidan er sjokkerande. Dersom implikasjonane hadde blitt fullt ut forstått, ville forskinga ha skapt framsider i nyheitene verda over.

Er kunstgjødsel kreftframkallande? FNs klimapanel IPCC har krav til bruk av kunstgjødsel. EU er redd for båe kreft og skader på grunnvatnet. For nokre år sidan køyrde tyske bønder med sine traktorar rundt Brandenburger Tor i Berlin som ein protest på restriksjonar. Årsaka til protestane var at tyske bønder var i konkurranse med austeuropeiske bønder som ikkje hadde same krav. Dette vart for dei tyske konkurransehemmande.

EU kravde om lag 1 million kroner i dagbøter frå det tyske landbruksdepartementet fram til dei kom ned på europeisk norm.

Havet døyr. Vi er kjent med at Oslofjorden døyr.

Når livet i havet ute blir, ute blir også plantevekstar. Plantevekstar bidreg til opptak av karbondioksid gjennom fotosyntesar.

Ei medverkande årsak til at havet døyr er kunstgjødsel. Kunstgjødsel bidreg til global oppvarming.