Fylkeskonservatoren er snart ferdig med ein fredingsplan. Vigra Kringkastar står framleis på Telenor sin verneplan som vart utarbeidd av Telenor/Telemuseet og Riksantikvaren då Telenor vart eit aksjeselskap i 1995.

Den er det einaste store verneobjektet i heile Midt-Norge utanom ei stålmast for radiolinje spegel i Rørvik og 12 små raude telefonkioskar.

Vigra Kringkastar kan bli eit viktig nasjonalt teknisk kulturminne for den analoge kringkastingshistoria frå 1925 til 2019 – AM, FM og TV.

Fiskeri er årsak til at Møre og Romsdal har vore pionerar i Norge på telekommunikasjon. I 1876 var det fiskerikompetanse som gjorde at konsul Joakim Andersen kunne kjøpe dei to første telefonane i Norge på verdsutstillinga i USA.

I 1924 fekk Ålesund den første prøvesendaren for radiotelefoni mellom fiskebåt og land. Denne sendaren vart også den første tele-eigde sendaren som fekk konsesjon for privat kringkasting i 1927.

Ålesund Radio vart avløyst som kringkastar av NRK-eigde Vigra Kringkastar i 1935. Vigra Kringkastar vart ein nasjonal stor-sendar for den norske fiskeflåten i 1939.

Den dekte havområdet mellom Skottland, Island og Svalbard og mesteparten av Norge. Då krigen kom 9. april 1940, tok tyskarane kontroll over dei to nasjonale stor-sendarane i Oslo og Stavanger, samt dei regionale mindre sendarane i Sør-Norge – unntatt Vigra Kringkastar.

Det var årsaka til at Vigra Kringkastar vart det frie Norge sitt viktigaste tale-rør og saman med Ålesund Radio del av det viktigaste militære sambandet til våre allierte i London dei første krigsdagane.

Kontoret flykta til Tromsø 1. mai 1940. Krigshistoria til Vigra Kringkastar, var årsaka til eit storstilt festprogram i Løvenvold Kino 12. april 1948 der kong Håkon 7. stod for opninga av «nye Vigra Kringkastar» – det store sendar-bygget som vi kjemper for å ta vare på. Kringkastinga i Norge blir 100 år i 2025.

Eldsjeler og Vigra Kringkastar Venneforening har kjempa sidan 1995 for å ta vare på dette unike nasjonale tekniske kulturminne og krigsminnesmerke. Eigaren Norkring AS fekk rivingsløyve i april 2018.

Fylkeskonservatoren fekk innført mellombels freding som stoppa rivingsplanane. Utan han hadde sendarbygget vore borte no. Støttespelarane våre, Norkring og Telemuseet, har Telenor lagt ned og sendarbygget er overført til eigedomsselskapet Telenor Infra AS frå 1.1.2020.

Telenor Infra stengde av vatn og straum og stengde venneforeininga ute frå sendarbygget – trass i at vi hadde nøkkel-avtale med Norkring for å kunne bruke sendarbygget til museumsarbeid.

Dette har ført til store skader på sendarbygget. For oss er det vondt og meiningslaust at Telenor vil bruke fleire millionar kroner til å rive og rydde framfor å bruke pengane til vern og etterbruk.