Når fylkeskommunedirektøren legg fram betydelege område som kan kuttast som har langsiktig årleg stor effekt i millionvis av kroner, aksepterer eg rett og slett ikkje Sunnmørsposten sine stadige angrep mot dei borgarlege partia her i fylket.

Arbeidarpartiet og Senterpartiet sat i posisjon i fylket dei 12 siste åra. Då var det omtrent ikkje eit kritisk pip frå leiar i Sunnmørsposten, ikkje eit kritisk ord når fylket var på veg rett ut for stupet økonomisk.

Sjølvsagt forstår eg dette når ein må leite med lupe etter ein blå journalist. Sunnmørsposten er ikkje noko unntak i så måte, noko som no blir grundig bevist gong på gong.

Det er frå fleirtalet lagt inn ca. 5 mill. kr i ekstra kutt i administrasjon utover fylkeskommunedirektøren sitt framlegg, og alle forstår at dette slett ikkje er problematisk i eit fylke med 5,1 milliard kr til fordeling, der ca. 85-90% av dette går til løn.

Eg aksepterer at Sunnmørsposten er i klar opposisjon mot dagens borgarlege parti her i fylket, men eg aksepterer ikkje at udokumenterbare påstandar blir uttrykt frå leiarplass i ei av fylkets største avis.

FrP, Høgre, KrF og Venstre står støtt i våre prioriteringar, og prioriterer samferdsel, ferjedrift, asfalt, vidaregåande skular, trafikktrygging, kultur og næring.

Heilt i tråd med våre lovnader i valet rasjonaliserer vi det fylkeskommunale byråkratiet, og prioriterer viktige tenester til våre innbyggjarar og næringslivet.