Fleirtalet i Ålesund kommune har vedtatt at vi i 2022 skal ta imot 76 flyktningar til kommunen. Det høyrest ut til vere ei humanistisk handling med gode intensjonar. Vi skal og må hjelpe våre medmenneske som treng det, men spørsmålet er kven som skal få hjelp og korleis hjelper vi flest mogleg?

Denne måten å hjelpe på er særdeles kostbar, både økonomisk og kulturelt. I tillegg er fleirtalet i kommunestyret så livredde for å bli oppfatta som lite humane at vi devaluerer vårt eige folk og land.

Det går føre seg ein krig i Europa som ikkje handlar om våpen, men den krigen er forkledd som humanisme. Det kan peikast på at flyktning- og innvandringspolitikken er eigentleg kontraproduktiv humanisme.

FNs flyktningkonvensjon var, heilt klart eit gode, men har så blitt tolka i liberaliserande retning og skapt ein heilt uhaldbar situasjon. Rett nok er det ikkje konvensjonen det er noko gale med, men derimot den tolking som vi i mange vestlege land legg til grunn.

Vidare så må flyktningar bli tilbode mellombels hjelp for ei avgrensa periode for deretter å bidra til å bygge opp eigne land og samfunn. Dei vil jo i mellomtida ha fått bygd opp kunnskap og kompetanse som kan vere verdifull for heimlandet.

Viss vi opnar opp for mottak i stor stil så vil vi undergrave den same humanismen som skal bidra til å kunne ta imot flyktningar. Det er grenser for kor mange vi kan sleppe inn i Europa viss vi framleis skal vere Europa.

Flyktningkonvensjonen frå 1954, vart utarbeida i etterkant av 2. verdskrigen og skulle avklare flyktningar si still ing og retten til å søke opphald andre land.

Føresetnadene for flyktningsystemet har endra seg dramatisk. Liberaliseringar i konvensjonen har bidratt til ei utvikling i retning av ei folkevandring i stort omfang. Vi må endre prinsippa slik at opphald skjer i nærområda og er av mellombels karakter. Då vil opphaldet skje i eit område med liknande kultur og religion og du vil redusere sjansen for konfliktar.

Vi må seie nei, for i neste runde kunne seie ja til reelle flyktningar frå naboland som har eit reelt behov for vern.

Vi må ikkje sage over den greina vi sjølv sit på.

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegg til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!