Difor val av overskrift i dette vesle innlegget om å strupe friskulane.

Dei alle fleste elevar i grunnskule og vidaregåande skule går i dag i den offentlege skulen. Slik har det vore alltid. Det offentlege skuleverket i landet vårt har mange positive sider. Likevel trengst det i einskilde høve alternativ. Dette kan ha ulike årsaker. Innhald, organisering, livssyn og ulike kulturar gjer at ideelle organisasjonar eller foreldregrupper finn det rett å nytte seg av den retten foreldre og andre har til å starte og drive alternative skular. Sentraliseringa innan skuleverket har også lagt grunnen for alternative løysingar. Såleis oppstår friskulane. Berre nokre få prosent av elevane i landet vårt nyttar desse skulane.

Staten gjev startløyve og vedtek langt på veg vilkåra skulane skal drivast etter. Økonomisk støtte kjem inn i biletet når skulen vert etablert og undervegs i drifta.

Desse skulane må i tillegg til statleg støtte ofte krevje skulepengar. Straks Staten strammar inn, vil elevmassen i friskulane endre seg. Nokre fell frå – dei med foreldre som ikkje har råd til å sende sine born til desse skulane, vert dei første i fråfallsbunken.

Mitt klare inntrykk er at dei styrande på høgste plan ikkje har det rette synet på livsretten til desse skulane. Ulike verkemiddel vert då nytta for å unngå søknader å kunne passere fleire tronge nålauge fram til avgjerd skal takast. Seinast i samband med revidert nasjonalbudsjett 2023 finn vi fleire eksempel på at fleirtalet på Stortinget kjem med framlegg som samla gjer økonomien trongare for friskulane. Her må eg nemne den retten kommunane no får til nærast å stoppe søknader om nyetableringar. Eg vil til slutt streke under: Friskulane er ein rett/fridom menneske i landet vårt har til å velje. Friskulane skaper også eit mangfald, eit korrektiv og eit supplement til den offentlege skulen,

Difor – kjære politikarar – gje friskulane levelege vilkår for etablering og drift. Dei fortener det som positive innslag i skulesystemet i Norge.