Innlegget fekk mykje reaksjonar, men det var ingen adresserte dei faktiske utfordringane eg peika på.

Av dei lokale sakene i valkampen blei det fokusert på skule og eldre, men ein skal stikke hovudet djupt ned i jorda for å ikkje forstå at dette heng tett saman.

Ein kan gjerne diskutere både bompengar og miljø, men desse tinga er det mogleg å løyse på ein god måte. Det destruktive er at det tek fokuset vekk frå det diskusjonen burde handle om.

Møre og Romsdal har to store utfordringar; demografi og samferdsel. Det nyttar ikkje for ein kommune eller ei bedrift å auke lønningar, tilby bustad og andre godar for å rekruttere dersom det ikkje finst folk til å fylle jobbane. Resultatet vert at ein stel frå naboen og at alle på sikt tapar gjennom auke i kostnadar, utan betring av tilbodet.

Det einaste alternativet vårt er å gjere grep som bidreg til å auke attraktiviteten i regionen, slik at fleire vil flytte hit og vere her. Då må vi ha låg reisetid og god tilgjengelegheit til sentrumstenester. I dag betyr opera i Kristiansund lite for dei som bur sør for Romsdalsfjorden, på same måte som byliv og handel i Ålesund truleg betyr lite for dei på nordsida.

Eg trur nok ingen meiner at det i eit så lite fylke, med berre 265.000 innbyggarar, er fornuftig å drifte 21 vidaregåande skular, 18 politistasjonar, 4 sjukehus og 26 ferjeruter og 27 kommunar. Men slik situasjonen er i dag med små nedslagsfelt er det naudsynt, til trass for at det gir oss høge driftskostnadar.

Ein ser det også i næringslivet. Det vert stadig vanlegare å etablere kontor i byane for å få tilgang på folk. No har også fleire opna distriktskontor i Oslo for å kome i mål med rekruttering.

Vi i Bauta Group har allereie tilsette som må bu på hybel i Tomrefjord for å sleppe reisetid. Vi har også begynt diskusjonar om vi må opne kontor i Ålesund, dersom vi skal klare å halde konkurransekrafta. Dette er ikkje fordi vi ynskjer det, vi har nyleg starta utbygginga av eit nytt industribygg på 1150 kvm som skal huse om lag 80 arbeidsplassar. Slik satsing vil vi gjerne halde fram, men vi er klinkande klare på ein ting; per i dag gir lokasjonen vår oss vanskelege vilkår og det vert ikkje betre utan at vi tek grep.

Om 15 år vil talet personar over 80 år ha auka med 83,2 prosent, i same periode vil aldersgruppa 0–19 år reduserast med 8,7 prosent. Det er eit reknestykke som ikkje går opp. Vi står for over 10 prosent, av eksporten og har 5 prosent, av innbyggjarane, men på grunn av småleg krangling sit vi igjen med berre 1 prosent, av samferdselsmidlane. Vi må samlast om dei gryteklare prosjekta for å få kraft i utvikling og sysselsetting. Hordaland og Rogaland arbeider for å realisere både Hordfast og Rogfast og kjem til å suse hurtig inn i framtida. Medan vi sit igjen på kaia med ei slapp svele pakka i plast, ventande på ei ferje som kanskje går snart.