I sitt lesarinnlegg publisert 26.07.22 blir historikar Aud Farstad tillaten å leggje fram ei rekkje grove påstandar om transpersonar. Farstad skriv at ho ikkje reagerer på homofile sine "sjølvsagde menneskerettar", men ein "ideologi med nytt syn på kjønn". Men retten til å kunne definere seg sjølv, uavhengig om det handlar om seksuell identitet eller kjønnsidentitet, er ein grunnleggjande rett.

Farstad forflyttar seg så til Storbritannia der ho påstår at transkvinner (som ho omtalar som fullt intakte menn) har "kuppa" lesbiske datingsider og at lesbiske vert pressa til å godta dei som aktuelle sexpartnarnar. Farstad viser til ei sak frå BBC som tek for seg ein oppheita disputt der spørsmålet i hovudsak handlar om retten til å kunne "reservere" seg frå å date transkvinner utan å bli sett på som transfob.

Det er små grupper som står i "frontlinjene" i denne disputten. Majoriteten av lesbiske cis- og transkvinner sameksisterer i harmoni. Farstad får det derimot til å høyrest ut som disputten er ein eksistensiell trussel mot lesbiske.

I innlegget sitt rettar Farstad så blikket mot ungdommen. Ho påstår at unge homofile med kjønnsdysfori blir tvungne til "farlege og irreversible medisinske eksperiment i von om å skifte kjønn" og at dette er "ein brutal form for konverteringsterapi". Vi kan ikkje finne kjelder som støttar denne påstanden.

I staden fann vi ein nyheitsartikkel frå BBC som tek for seg eit forslag om å forby nettopp konverteringsterapi i Storbritannia. Det skal no bli forbode å, gjennom «terapi» freiste å endre nokon sin seksuelle identitet. Det er berre eitt problem: «Terapi» som har som mål å endre kjønnsidentitet skal ikkje bli forbode. Igjen ser vi altså eit døme på at transpersonar sine rettar ikkje blir beskytta av storsamfunnet. Vi har ytringsfridom i Noreg, men vi har også ytringsansvar. Når vi ser at hatet mot skeive aukar har vi alle eit ansvar for å ikkje nøre opp under det hatet. Farstad oppfordrar aldri til vald eller hets mot skeive i sitt innlegg, men påstandane ho legg fram byggjer opp under eit velkjent narrativ om at transkvinner eigentleg berre er menn som "lèt som" dei er kvinner slik at dei kan utnytte "verkelege" kvinner.

Dette er farlege narrativ då dei i ytste konsekvens kan brukast som legitimering av vald og truslar mot skeive. Det er urovekkande at Farstad som historikar diskrediterer og viskar ut transpersonar sin plass i LHBT-bevegelsen. Hennar syn på dei som er trans har meir med ein smal og fordomsfull haldning til kva og kven som skal få lov til å definere seg som kvinner, som vist gjennom konstant feilkjønning i referanse til transkvinner som menn i innlegget sitt. Dette vitjar om eit konservativ og innsnevra syn på kvinner som har meir til felles med den patriarkalske toksisiteten som feminismen så hardt prøver å slå tilbake, enn ein radikal historikar med eit feministisk blikk.