Påtroppande varaordførar i Ålesund, Monica Molvær (H), seier i eit intervju i Sunnmørsposten måndag 20. november: «Jeg syns nynorsk er en viktig kulturskatt, som vi selvsagt skal bevare, men jeg tror ikke løsninga er å tvinge kommunalt ansatte til å bruke nynorsk.»

Eg har problem med å skjøne at ein politikar i Monica Molvær sitt format ikkje maktar å forstå det nynorske språket som noko anna enn ein kulturskatt, noko nesten musealt. Ho lever på Sunnmøre, eit kjerneområde for nynorsk, der alle kommunane (minus Ålesund frå nyår) er nynorskkommunar. Ho bør ikkje avgrense skriftspråket vårt til ein kulturskatt.

Nynorsk er skriftspråket til rundt 600 000 nordmenn – bruksspråket, skulespråket, næringslivsspråket, forfattarspråket, journalistspråket osb. Nynorsk er det av dei to norske språka me brukar i kvardagen og som me identifiserer oss med. Nordmenn, same kva hovudmålet er, les nynorsk litteratur i alle sjangrar, også redaksjonelt stoff i regional-og rikspressa som aldri før. Og 10. desember skal Jon Fosse få verdas gjævaste litteraturpris for forfattarskapen sin. Fosse seier sjølv at det er ein pris han deler med det nynorske språket.

Monica Molvær vart varaordførar i ein kommune med mange som har nynorsk som hovudspråk og opplæringsspråk. Ho har eit stort medansvar for å sikre dei språklege rettane til nynorskbrukarane på ein god og inkluderande måte i kommunen ho skal vere med på å styre.

Ålesund er, og har alltid vore, ein fleirspråkleg kommune. I «ny-nye» Ålesund (frå 2024) vil det vere nesten 2000 nynorskelevar, dei fleste i dei gamle nynorskkommunane Sandøy, Ørskog og Skodje, der borna i barnehagane skal verte nynorskelevar. Også innan Ålesund by er det nynorskelevar i eigne klassar på fleire skular, og Emblem skule og barnesteget på Møre barne- og ungdomsskule er nynorskskular.

Talet på kor mange som har nynorsk skattemelding i ein kommune, seier noko om kor mange som er nynorskbrukarar der. I «gamle» Ålesund kommune hadde 6500 skattytarar nynorsk skattemelding (2016). I 2024, med dei tre tidlegare nynorskkommunane, vil truleg rundt 10 000 skattytarar ha nynorsk skattemelding. I kommunen er det også mange næringsverksemder og organisasjonar som brukar nynorsk.

Det ligg no føre eit saksframlegg om at Ålesund skal vere ein språknøytral kommune. Her må ein ta omsyn til dei mange nynorskbrukarane i kommunen. Det forventar me at Monica Molvær og alle kommunepolitikarane i Ålesund tek mål av seg til å få til, og slik vere samlande for alle dei er sette til å styre i kommunen sin.