Ordet kulturrevolusjon er mest kjent frå den dramatiske kampanjen utført i det kommunistiske Kina og leia av kommunistleiaren Mao på slutten av 60-talet. I Ålesund kommune er det no ei anna form for kulturrevolusjon, og få har fått med seg kva det er og konsekvensane.

I budsjettforslaget til Høgre, Frp og Ålesundslista er det forslag om å redusere løyvingane til kommunale kulturbygg med 1,5 millionar kroner. Det er meir enn ti prosent av budsjettet. Det å redusere kostnadane på bygg er ein ting, men kva vil det gjere med innhaldet? Det har ikkje den nye posisjonen ei forklaring på.

Arbeidarpartiet i Ålesund har difor stilt følgjande spørsmål til kommunedirektøren: Kva for konkrete konsekvensar vil det få for drifta dersom ein reduserer løyvingane med 1,5 millionar kroner?

Svaret vi fekk, som er offentleg, viser at det kan føre til dramatiske konsekvensar. Blant anna kan det føre til at Sandøyhagen, Ørskog kulturhus. Gomerhuset, Arbeideren og Moa Kulturhus må leggje ned drifta. I tillegg er det fare for at ein må redusere aktiviteten ved Parken kulturhus og dei ulike biblioteka rundt om i kommunen.

Dessverre ser vi no konsekvensen av valløftet til den nye ordføraren i Ålesund, Håkon Lykkebø Strand: «Ålesund kommune har ikke ressursar til å smykke seg med symbolske klimatiltak, finkultur og luftslott» Sitatet er henta frå Frp sine eigne sider. Spørsmålet eg vil stille den nye ordføraren: Er kulturbygg ein del av finkulturen berre fordi det har ordet kultur i seg?

Men tilbake til konsekvensane dersom kulturhusa må stenge eller redusere drifta. Fleire frivillige lag og organisasjonar som er heilt avhengig av desse øvingslokala vil miste sine tilbod, og må skaffe seg nye øvingslokale. I tillegg er dette viktige møteplassar og for å sitere kommunedirektøren «arena for å skape tilhøyre og lokal identitet»

Det mest alvorlege er likevel at kulturhusa og biblioteka er viktige lågterskeltilbod og er med på å hindre utanforskap i Ålesund. Vaksne kan finne seg andre alternativ, men kva med dei som er under 18 år? Har Frp, Høgre og Ålesundslista svaret på det?