Difor er det positivt at merksemda rundt cruisetrafikken er noko meir faktabasert enn tidlegare – og at Sunnmørsposten no løftar saka om miljøreguleringar og eit vedtak om nullutslepp, heilt opp på leiarplass.

Det er ingen dieselrøyk i fjorden i dag og det vert utført strenge målingar av utslepp til luft, jf. Environmental Port Index.

Det vart allereie i 2019 innført ei eiga miljøforskrift for verdsarvfjordane med ei gradvis innstramming til TIER III frå 1 januar 2025. Dette er ei god forskrift som burde ha vore gjeldande for alt norsk farvatn for å få ein reell miljøgevinst i Norge. Sjølv om cruisetrafikken i Geirangerfjorden slik den er i dag, vert redusert med 50–70 prosent, betyr det i praksis at berre dei beste og reinaste skipa kan segle inn i Stranda kommune sitt sjøområde.

Biogass er ein avgrensa og dyr ressurs, og vil heller ikkje sikre cruisetrafikk etter 2026

Sjøfartsdirektoratet sitt forslag til regulering vil føre til at cruisetrafikken i Stranda vil frå 1. januar 2026 redusert til null. Då vert iallfall ikkje Stortinget sitt mål om ei framleis livskraftig reiselivsnæring i regionen etter 2026, oppfylt. I Geiranger vil dette ha ein særleg alvorleg konsekvens for busetnad og arbeidsplassar.

Det er i utgangspunktet positivt at Sjøfartsdirektoratet har erkjent at nullutsleppsteknologien for store og medium skip, ikkje er tilgjengeleg i 2026 for utsleppsfri segling tur/retur Geirangerfjorden.

Direktoratet foreslår at passasjerskip med bruttotonnasje 10.000 eller meir, kan bruk biogass i ein overgangsfase. Det er dessverre slik at biogass er ein avgrensa og dyr ressurs, og vil heller ikkje sikre cruisetrafikk etter 2026.

Sjølv om data frå Clarkson «World Fleet Register» viser at det er 15 cruiseskip som kan bruke biogass i dag og at det er 27 skip i bestilling, så er det etter det vi kjenner til, ikkje planar om å sende desse skipa til Europa eller Norge. Dei fleste nybygga er planlagt sett i trafikk i Asia eller Karibien.

Stranda hamnevesen meiner at ei opning for bio som drivstoff i verdsarvfjordane, må omfatte både biogass og flytande biodrivstoff (bio) fordi det er små eller ingen forskjell på utslepp. EU har nyleg klassifisert biogass og bio i same drivstoffkategori.

Internasjonale reiarlag kjem difor til å sjå til EU-reguleringa og ikkje til særskilde reguleringar for to verdsarvfjordar – eller til særnorske reguleringar for mat- og dyreavfall.

Dei aller fleste skipa som har anløp i Geirangerfjorden vil også bruke drivstoff som er fylt i EU. Difor kan det ikkje vere eit skilje mellom biogass og flytande biodrivstoff for skip som skal segle i Stranda kommune sitt sjøområde.

Det er også ei misforståing i leiaren til Sunnmørsposten at dersom ein får auka straumkapasitet i Geiranger vil cruiseskipa igjen segle inn til Geiranger. Dette er positivt for lokalsamfunnet og skyssbåtar, men det opnar ikkje fjorden igjen.

Når nullutsleppsteknologi for store skip vert tilgjengeleg, så har desse skipa ikkje behov for ladestraum. Cruiserederia sjølve har antyda eit mogleg nullutslepp ein gong etter 2035.

Vedtaket om nullutslepp i verdsarvfjordane bør utsetjast til teknologi som bio, hydrogen og batteri er meir modent og tilgjengeleg.

Det må ikkje vere eit skilje mellom biogass og flytande biodrivstoff.

Stortinget sitt mål om ein utsleppsfri verdsarvfjord, og framleis cruisetrafikk, kan vere mogleg å oppnå dersom innseglinga i Sunnylvsfjorden til Hellesylt vert opna opp for TIER II skip. Hellesylt ligg utanfor verdsarvområdet, men med ei stengt innsegling.

Vi meiner at eit utsleppsfritt reiseliv er fantastisk for produktet, og miljøkrava vil bidra til å gjere fjordane og Norge endå meir attraktiv – føresett at krava er oppnåelege og gjeld for alle.