Viss Møre og Romsdal skal kvitte seg med ferjer, så er det dei to prosjekta det må satsast på. Kanskje burde Hafast ha vore bygd før Eiksundsambandet, men det vart no slik, og det var vel rettast det med tanke på å styrke sjukehuset i Volda som hovudsjukehus for Søre Sunnmøre. Desse to prosjekta vil gjere samferdselen enklare, og kan føre til tilflytting. I sitt lesarinnlegg har Gjermund Kvernmo Langset sjølvsagt rett i, at samferdselsforbetring gjer Møre og Romsdal meir attraktivt.

Vidare skriv Langset om store driftskostnadar for å drifte velferdsstaten. Storleiken på dette, om tenester skal privatiserast, kva for oppgåver kommunar, fylkeskommunar og staten skal ha ansvaret for. Det er politikk. Dei forskjellige meiningane om dette finn vi i valprogramma til partia.

Tanken bak velferdsstaten var å innføre reformer som skulle kome innbyggjarane til gode som folketrygda og tenester der folk bur. Det førte til til dømes grendeskular. Mykje av dette er etter kvart sentralisert og digitalisert. Det er viktig med tenester nær folk. Derfor må vi ha mange og små kommunar, mange tingrettar, mange lokalsjukehus og mange vidaregåande skular. Viss det er 21 vidaregåande skular i fylket no, så er det kanskje det vi treng? Det er ikkje alt som kan ordnast på data. Digitaliseringa er eit gode for dei som kan data. For dei andre er det eit problem. Derfor må ikkje digitaliseringa av samfunnet gå raskare enn, at alle klarer å fylgje med.

Regjeringa Solberg ville sentralisere det meste. Dermed måtte regjeringa Støre ordne opp i dei problema det skapte. Haram vert snart eigen kommune igjen, og nokre av dei store fylkeskommunane vert oppløyste. Det er i alle fall ein start på arbeidet med å få makta nærare folket.