Sjølv om den generelle inntekta ikkje har gått ned, har levekostnadene for familiar auka, og kvardagen har blitt tøffare for mange.

Fattigdom har store konsekvensar for born, og politikarane har eit ansvar for å treffe tiltak som reduserer familiefattigdommen i kommunen. Difor vil vi i Redd Barna foreslå tre politiske grep som kan takast i Ålesund:

1. Alle born må få oppfylt sin rett til leik og fritid

Alle born må få moglegheit til å delta på fritidsaktivitetar uavhengig av foreldra si inntekt. Difor må lokalpolitikarane sørge for at det finst gratis aktivitetar anten gjennom biblioteket, fritidsklubben, frivilligheita, eller gjennom aktivitetskort og støtteordningar for anna organisert aktivitet. Tilbodet må bli gjort kjent for dei som treng å bruke det – på fleire språk, og det må bli tilpassa born uavhengig av funksjonsevne.

Transporttilbodet må òg bli tilpassa born sine behov og fritid, for det hjelp lite å tilby gratisaktivitetar dersom reisevegen blir for dyr eller det ikkje går nokon buss. Busstilbodet i Ålesund var gratis hausten 2022. Det var eit viktig og godt miljøtiltak som òg gjorde det mogleg for fleire born å delta på fritidsaktivitetar. Ordninga bør vidareførast, slik at kollektivtransport blir gratis for born opp til 18 år.

2. Barnetrygda må aukast

Barnefamiliar må bli sikra ei inntekt dei kan leve av. Difor må barnetrygda aukast for alle born og bli prisjustert årleg. Det hastar for dei borna som står utanfor og som ikkje har råd til å vera med på fotball eller klasseturar, som gruar seg til skulen fordi dei ikkje har nok skulemat eller varme vinterklede som passar. Vi kan ikkje vente på at rikspolitikarane ordnar opp. Redd Barna oppfordrar difor alle partia i Ålesund til å gå til val på auka barnetrygd. La Ålesund bli hugsa som den kommunen som talte borna si sak, og som på eiga hand auka barnetrygda for alle born i kommunen.

3. Handlingsplan mot familiefattigdom. Alle kommunar, deriblant Ålesund, bør vedta ein heilskapleg og langsiktig plan for å kjempe mot familiefattigdom, der alle relevante instansar må bidra inn. Planen bør ha både avhjelpande og førebyggande tiltak, og konkrete målbare og årlege resultat for antal born som skal bli løfta ut av fattigdom. Eg vil også minne om – skal vi få til gode og treffsikre løysingar – då må born sjølv bli involvert. Vi må høyre på deira erfaringar og framlegg til løysingar.

Det er ingen hemmelegheit at dette er tiltak som kostar. Men kostnadene for lokalsamfunnet vil bli mykje større over tid, dersom det ikkje blir teke grep for å bekjempe familiefattigdommen i dag. Ei investering i born si oppvekst er ei investering i framtida. Det bør lokalpolitikarane i Ålesund ha i bakhovudet når dei snart går inn i lokalvalkampen.