Takk til Kjell Dønheim for det minnevekkjande innlegget «Skatten min» (Smp.no 14. februar), som fortel om ei tid som truleg er totalt framand for dei fleste av Sunnmørspostens lesarar. Det er frå ei tid då sjømannen og utesiglaren sat på lugaren og skreiv brev, og som såg fram til å få brev – i fyrste hamn, eller i neste hamn.

Ja, tenk, lengte etter brev, brev i konvolutt med frimerke på? Det er, naturlegvis, reine og skire «kommunikasjons-steinalderen» for dei fleste.

Skattkista til Kjell Dønheim er full av minne, ho inneheld sakn og lengting. Og konvoluttane fortel kvar på kloden han var då han fekk brevet: Hongkong, Buenaventura, New York, Cebu, Yokohama, Chittagong?– for brevet var adressert til agenten der.

Kjell Dønheim har sett agenten kome om bord, mange gongar, stundom med båt, og eg trur at han har tenkt: «Mellom papira i agentveska er det brev frå Sølvi – handskrive.»

Og så, telegrafisten kjem inn i messa med brevbunken i neven, deler ut og Kjell Dønheim får brev. Eg òg fekk brev, eg kjenner suget for bringa, og eg minnast dei som aldri fekk brev.

Brevet av Nordahl Grieg

Jeg staar og betragter brevet et lykkelig langt minut, de kjære kjendte bokstaver over den graa konvolut.

Jeg kikker paa datostemplet, – fjorten uker er gaatt – paa frimerkeraden i hjørnet som skinner saa norskt og blaatt.

Jeg længtet saa efter brevet, mens ukene langsomt gik. Jeg aapner det ikke endnu. Jeg venter et øieblik.

For det er det lukkede brevet som eier den største charm, og alt det som ikke er skrevet som gjør os om hjertet varm.