11. september er det val til nytt fylkesting og kommunestyre i Møre og Romsdal. Dei politiske partia, og andre grupper, har lagt fram lister på dei som dei vil skal vere deira representantar i kommune og fylkesting dei neste fire åra. Dei har og presentert sakene dei vil ha fokus på, og som dei vil arbeide for i komande periode.

Det som er påfallande, slik vi ser det, er at når ein les programma for fylkestingsvalet, er at det er om lag ingen av desse som nemner eldrepolitikk med eit einaste ord.

Så veit vi at mange vil seie at dette er kommunane sitt ansvar, noko som sjølvsagt også er sant. Men fylkeskommunen, og fylkespolitikarane, har ansvaret for kva politikk som skal førast når det gjeld samferdsel, kultur, utdanning, næring og tannhelse i fylket vårt. Når det gjeld tannhelse har rett nok fleire av partia med ei eller to setningar om det, men når det gjeld dei andre punkta kan det sjå ut som om ingenting av dette angår den eldre del av befolkninga.

Det er lett å tenkje eldrepolitikk som helse- og sosialpolitikk ser det ut for, og det er det kommunane som er ansvarleg for. Men når det gjeld dei andre oppgåvefelta gjeld det i høg grad også dei eldre, vi kan nemne folkehelse og kultur som eksempel.

På valdagen kan nær 50.000 pensjonistar i Møre og Romsdal nytte seg av røysteretten sin, også når det gjeld fylkestingsvalet. Vi veit også at den eldre del av dei som har røysterett, er dei som i langt større grad enn dei yngre, brukar denne retten.

Korleis kan det ha seg at eldrepolitikk og dei eldre veljarane er bortimot usynlege i programma til dei som vil ha røystene deira? Tel ikkje 50.000 røyster noko på valdagen?