Underskrivne dette brevet viser til oppslag i Sunnmørsposten onsdag 21. februar 2024, med tittel «Snart blir det forbudt å gå og sykle her».

Vi er nokre ivrige syklistar som nyttar oss ofte av å sykle gjennom mange ulike tunnelar i både vårt nærområde og tunnelar lengre unna. Vi ser med uro på viss det blir ein realitet å stenge fleire tunnelar for syklistar og gåande!

Vi er spesielt bekymra viss Kvivstunnellen og Lotetunnellen på E39 blir stengde. Her er ingen fornuftige alternativ utanom desse tunnelane.

Vi er samde i at det finst tunnelar det vere fornuftige å ha sykkel- og gåforbod i. Men dette er slike tunnelar der det er gode alternative trasear omtrent parallelt med hovudtunnelen gjennom heile året.

Vi er sjølvsagt opptekne av at vi er trygge når vi ferdast på sykkel, anten det er på opne landevegen eller gjennom tunnelar. Mange gonger føler vi oss meir utrygge og blir utsette for farlege situasjonar ute på landevegen enn i tunnelane.

Med dette brevet ønskjer vi å kome med nokre innspel som kan tale for å halde flest moglege tunnelar opne for alle trafikantar, og å leggje til rette for auka bruk av sykkel.

Som syklist må du:

  • Ha gode lys bak på sykkelen som visast på lang avstand

  • Ha gode lys framme

  • Helst ha refleksvest på når ein syklar gjennom tunnelar

  • Kanskje stoppe før ein syklar inn i tunnel viss her er uoversiktleg (kurve) i byrjinga av tunnelen og/eller sterkt motlys (for å forvisse seg om at her ikkje er bilar like bak)

  • Ikkje stoppe unødig inne i tunnelen

  • Ikkje sykle fleire i breidda i tunnelar (men på éi rekkje)

Tiltak Statens vegvesen bør gjere:

  • Setje opp tydeleg infotavle/skilt før tunnelane som varslar (bilistane) at her kan vere syklistar i tunnelen – så køyr med aktsemd

  • Fleire info-skilt med «Dele vegen»

  • Info-skilt med «Stay wider» – avstand bilist-syklist minimum 1,5 meter

  • Aller helst skulle her ha vore varsling med lys /slik som i til dømes Blakset- og Flotunnellane

  • Passe på at her ikkje er holer/ sprekkar i asfalten, spesielt i tunnelar med dårlege lysforhold

Noko anna vi ønskjer å påpeike, er der det finst alternative omvegar, slik som til dømes der «gamlevegen» ligg på utsida av tunnelen. Om her er lov å sykle gjennom tunnelen, så meiner vi det er viktig at «gamlevegen» blir halden ved like slik at her går fint an å sykle, sjølv på landevegssyklar med smale dekk!

Om dette er eit kommunalt, fylkeskommunalt eller statleg ansvar, blandar vi oss ikkje inn i. Døme på slike vegar/tunnelar i indre Nordfjord er på RV15/E39 i Skredestranda (Stad kommune) og dei nye tunnelane på FV60 mellom Olden og Innvik (Stryn kommune). Same med vegstrekninga mellom Kvivstunnellen og Volda sentrum (Volda kommune). Her finst nok mange andre liknande vegar/tunnelar. Er omkøyringsvegane gode, så vel syklistane desse framfor tunnelane.

Avslutningsvis ønskjer vi å påpeike viktigheita av at her blir tilrettelagt for auka bruk av sykkel – både som transport-/framkomstmiddel (jobb/ skule) og til trening/mosjon sett i eit bulyst- og folkehelseperspektiv.

Fylka lagar fine regionale transportplanar med fokus på mjuke trafikantar. Lat det ikkje berre bli med fine ord.

På vegner av Gunnar Harstad, Svein Rune Aaland, Kjell Bjørn Hatlebakk, Helge Løtuft, Per Erik Eimhjellen, Yngvill Oen, Tord Hafnor, Eirik Tengesdal Skogvold, Terje Bergset, Trude Solvang, Jørgen Bergset, Arild Mjeltevik, Eldar Høidal frå Stryn, Sandane, Sykkylven sykkelklubbar