Eg har garantert gått der enkelte gonger der vi ikkje burde det, men også dei gongane vi måtte gå for å komme til land i dårleg ver. Så ja, eg kjenner behovet for Stad Skipstunnel utifrå eiga erfaring.

Etter at fiskeriminister Bjørnar Skjæran i fjor haust sette i gong endå ei såkalla kvalitetssikring av kostnadane og usikkerheiter ved Stad skipstunnel, så må eg stille spørsmålet: kva i all verda er dette for noko?

Dette oppdraget, som vart sendt til Kystverket i november 2022, osar av politisk spel. Kontrollen av kostnadane var gjort igjennom konseptvalutgreiingane KVU 1 og KVU 2. Har fiskeriministeren mistillit til desse to utgreiingane, og derfor ynskjer endå ein rapport?

At fiskeriministeren forsøker på nytt å spreie usikkerheiter om det utgreidde statlege prosjektet i Norge. Den osar også av mistillit til Kystverket, noko som etter mitt syn er heilt utruleg og utan grunnlag for.

Kva viser så rapporten? Den viser at frå 2017 til 2023 så er der ei prisstigning til liks med alt anna på ca. 800 millionar kroner brutto med moms. Dette er no ikkje noko særsyn å reagere på i det heile teke.

Men så kjem det finurlege som også osar av mistillit, nemleg om Kystverket kan sprenge stein under vatn. Du snakkar meg om tøv, det vert reist tvil om arbeidet det finst erfaringar ifrå i Norge.

Tenk berre på alle skipsdokkene som forskjellige skipsverft har sprengt ut oppgjennom åra, har det vore noko problem? Nei, tvert imot.

Kva er det som skal gjerast? Der skal skytast ut 1,7 kilometer i kjent fjell, verken meir eller mindre.

Prosjektet Stad skipstunnel har fått svært stor internasjonal merksemd, berre dette burde få fiskeriministeren til å juble. Her kan Norge som det fyrste land i verda verkeleg selje ingeniørkunnskapar og skape arbeidsplassar.

Så er tidspunktet meir enn merkeleg, rett før det er klart til å sende ut anbodspapira og der ein ville får svar på kva kostnaden vil verte. Dette luktar det svidd av, verken meir eller mindre.

Men vi trudde verkeleg at når nesten eit samla Storting våren 2021 vedtok at Stad skipstunnel skulle byggast så var tida for slike bakhaldsangrep over. Men vi kan dessverre ikkje stole på AP i denne samanhengen.

Hadde dette vore havvind, så hadde eventuelle overskridingar møtt med eit skuldertrekk, sjølv risikoane for overskridingane i havvind er minimum 10 gongen det som er for Stad skipstunnel. Så pytt, pytt.

Slik vert altså kysten sine folk handsama av Støre-regjeringa, men då reiser det seg eit stort spørsmål, kva visste SP om dette bakhaldsangrepet? Dette kan kort å godt ikkje SP leve med.

Her må kysten sine Ap-folk, som vi veit støttar Stad skipstunnel, verkeleg visa kva dei vil. Kanskje dei skal tilby ei havvindmølle? Då ordnar det seg nok.