I eit av mine fyrste minne står Sunnmørsposten sentralt, og er frå aprildagane 1940. Vi var samla i rommet til besta og besten, og avisa låg oppslått på bordet. Avisa meldte at Narvik, Trondheim, Bergen og Oslo var hærtekne. Dei vaksne var svimeslått over slagkrafta til den tyske krigsmaskina. I Vågneset var krigshandlingane langt vekk og eg var oppglødd over utsiktene til å få sjå ein tyskar.

Etter at radioen vart kverrsett og lagra på Gamleskulen, rådde avisa og Evangelisten grunnen i heimen vår. Sunnmørsposten kom saman med tomme mjølkespann med Mb «Suløy» kl. 16:30. Ein liten flokk var møtt fram, og medan ein venta vart dei mest lokale nyheitene utveksla. Komen i hus, fekk den med høgst rang lese avisa «Vigra-bibelen» fyrst.

Sjølv om informasjonsstraumen auka, og dermed skjerpa konkurranse, stod Sunnmørsposten seg bra. Avisa var ein ruvande institusjon, økonomien var god og avisa hadde underbruk i alle bygdebyar, og med eigen reporter i Oslo.

Tilbakeslaget for Sunnmørsposten, slik eg forstår det, kom då føretaket ville ekspandere frå avishus til mediehus. Nedslagsfeltet var det same som før. Den inntektsauken som skulle finansiere større utgifter, kom ikkje. Då Flemmane selde seg ut, vart avisa endra frå institusjon til butikk. Kyniske eigarar ribba avisa for oppsparte verdiar. Eigarane som fylgde, var utan unntak investorar støvsuga for idealisme.

Men avisa hadde mykje å gå på. Eg såg ikkje kva som var på gang før redaktør Harald Kjølås skreiv ein kronikk der han skildra lokala til Sunnmørsposten som eit solnedgang-landskap. Han tok for seg kva avisa var då han byrja på huset, kva ho var på hans siste arbeidsdagar og kva framtida han såg for seg. I kronikken fans ikkje fnugg av optimisme.

Og han såg rett. Sunnmørsposten er berre ein skugge av det den ein gong var, men er det leiinga av avisa å klandre? Det heiter seg at samfunnet påverkar religionen meir enn religionen påverkar samfunnet. Og eg som har levd i snart 90 år, kan til fulle bekrefte at påstanden er sann. Kven såg for seg i 1940 at ein biskop i den norske kyrkja skulle ta til orde for å avskaffe omgrepet «Helvete»? Poenget er at det ikkje er den religiøse leiinga sjølv som har styrt utviklinga, men det kunnskapssamfunnet religionen er ein del av.

Det same gjeld Sunnmørsposten. Avisa set ikkje dagsorden, men må tilpasse skiftande rammevilkår. Den parten som har lidd mest skade, det er ORDET. Ordet er erstatta av digre bilete som hadde formidla same bodskapen om storleiken var redusert med 90 prosent.

Til slutt vil eg gi avisleiinga honnør. Kvar dag jobbar dei hardt mot alle odds for å gi oss den best moglege avisa. Det skal dei ha!