Eg har tidlegare kommentert fleirtalet i Ålesund kommunestyre sitt vedtak om ikkje å auke talet på mottak av flyktningar dette året.

Ja til 300 er god lesnad, medan nei til å auke talet til 470 er skuffande. Talet på flyktningar frå krigen i Ukraina aukar, og sentrale styresmakter har difor bede fleire kommunar om å auke mottakstalet. Så langt skal kommunen ha funne plass til 130, i tillegg skal avtale vere inngått om godt 70 til. Nær 100 fleire står såleis att før 300 er nådd.

I media skuldar Ålesund kommune på at mangel på husvære er hovudårsaka til at politikarane har sett eit tak på 300. I ein artikkel i Nytt i Uka opplyser kommunen at ein er interessert i hjelp til å finne fram til husvære som kan vere aktuelle. Eg vi hevde at vi i ein kommune som Ålesund har både plass til og husvære til minst 500. Synsing vil somme påstå, sjølv har eg trua!

Kommunen må drive ein aktiv innsats for å kartlegge aktuelle alternativ og ledige husvære. Her er to område som må kartleggast nærare. For det første må kommunen langt meir aktivt finne fram til aktuelle utleigarar på det private marknad. Dette gjeld for alle deler av kommunen – heilt til yttergrensene.

Vidare må kommunen gå i seg sjølv og spørje: Har kommunen ledige husvære i sitt eige? Det har kome meg for øyre at her på Sjøholt står kommunale husvære ledige. Er det rett eller?

Kommunen må gå gjennom alt av eigne bustader som eventuelt kan nyttast i denne samanheng. Vi må heller ikkje leggje lista for høgt når det gjeld kvalitet og storleik. Tenk gjennom kva dei rømmer frå! Mellom flyktningane er det mange einslege. Desse trur eg ville vere godt nøgde med ein hybel.

Kjære nye kommunestyre: Sak om mottak av flyktningar frå eit krigsråka Ukraina bør kome på sakskartet ut på hausten. Der det er hjarterom, er det også husrom, heiter det. Set administrasjonen i aktivt arbeid med å få registrert aktuelle bustader rundt i heile kommunen. Etter det vonar eg at mottakstalet kan aukast til minst 500 ukrainarar. Uansett politisk farge bør dette vere ei sak dei nyvalde politikarane våre kan einast om. Det ville vere ein flott start på komande fireårs-periode.

Til deg som har rom som kan leigast ut, ta kontakt med kommunen eller ein nyvald politikar. Det hastar!