Dvs at akkurat den laksestammen som ein finn i ei spesifikk elv er forma til elva gjennom tusenvis av år. Dette er nedfelt i genane til fisken. Laksen vandrar ut frå elva si som smolt etter om lag tre år og lev i havet i eitt til tre år før den returnerer for å gyte. I utvandringa som skjer i mai, så er smolten veldig sårbar for m.a. lakselus. Ei lakselus på fisken er ei stor plage for den lisje stakkaren. Fem lakselus er nok til å drepe smolten. Sjøauren lev heile sitt bortebuar-liv i fjordsystema våre og er difor ein god indikator på kor stor luse-plaga er i området. Med unntak av Austefjord-området, så er sjøauren omtrent utrydda og dei få eksemplara som ein finn er oppetne av lus. Dette indikerer eit sterkt luse-trykk i området. Vidare har DNA-prøver teke av fisken i området synt at det oppgjennom åra er akkumulert ein stor innblanding av oppdrettsfisk som har kome frå rømmingar. Genetikken til villaksen nærmar seg kritisk utspedd i mange elver. T.d. i Vartdalselva lyser dei raude varsellamper frå analyse av genetikken.

Mange elver har ikkje overvaking og vi veit ikkje kor stoda er. Samstundes som det offentlege tek inn enorme summar på skattar og avgifter frå m.a. frå oppdrettsnæringa, så deler dei ut så altfor lite til overvaking og tiltak. Dette gjer at kunnskapsgrunnlaget er mangelfullt. Foreininga Lakseelvene På Sunnmøre (LPS) har jobba målretta med å få eit litt betre kunnskapsgrunnlag for kva som er viktig for laks og sjøaure i Storfjorden. All smolt i nordlege og midtre Sunnmøre passerer Breisundet på sin veg til havet. Her er det tale om meir enn ti viktige elver med eigne laksestammer, mellom anna har Ørsta (nasjonal lakseelv), Bondalselva, Aureelva og Valldøla sin smolt svømmande her. Veldig mange av elvene har veldig dårleg tilstand for laks og sjøaure. Nordre-Vartdalselva sin stamme er moglegvis utrydda og i Barstadvik og Vartdal vert genetikken sett i genbank i eit desperat forsøk på å redde stammane.

Fleire slike døme er å finne lengre inne i Storfjorden. I Breisundet vil det ferske overflatelaget som smolten held seg i, flyte mest på Sulesundsida pga. jordrotasjonen. Dette er stadfesta av E39-målingar og modellar (Albretsen og Asplin, 2021). Villaks-forskarar vi har snakka med seie at den verste staden eit ope oppdrettsanlegg på Sunnmøre kan vere med tanke på villaks og aure er nettopp i Breisundet – Sulesund- fordi nesten alle elvene på Sunnmøre sin smolt passerer her. Eit nytt anlegg her vil auke andelen sjøaure og laksesmolt som døyr av lakselus kvart år, og slik reduserer både tilstanden i bestandane og moglegheitene for å fiske laks i elvane. Ein forverring av situasjonen for den utryddingstruga laksen i desse elvane er også direkte i strid med lovverk som Kvalitetsnorm for villaks og Naturmangfaldlova. Det vil difor vere ei tragedie om eit slikt ope anlegg kjem her.

Vi ber difor styresmaktene om å stanse desse planane og heller satse på dei langsiktige naturverdiane og næringsverdiane som ligg i friske og talrike bestandar av laks og sjøaure på Sunnmøre.