Finland reknast som å ha eitt av dei beste utdanningssystema i heile verda. Dei har litt lengre skuledagar og ingen lekser på ettermiddagen. Sjølv slit eg med å konsentrere meg seks timar på skulen og spesielt om eg sett meg ned med arbeid etter skulen, så det kan vere eitt argument for leksefri skule. Om det ikkje hadde vore lekser, trur eg det hadde gått fint med 7–8 timar lange skuledagar, slik som i Finland.

Eit viktig poeng er at om du har lekser så får du repetere stoffet frå skulen og kan lære deg det litt betre. Dette er noko eg trur kan vere nyttig for nokre folk som ikkje heilt klarar å følgje med i timen. Vi må også tenkje på at ikkje alle foreldre klarar å «leike lærar» heime. Om det er noko du ikkje forstår heime er det ikkje alltid hjelp å få, medan på skulen kan du få hjelp frå læraren din og andre medelevar i klassa som kan stoffet. Ifølgje Banche-Hansen, viser læringsresultat at elevar som får mykje lekser presterer betre på prøver og testar.

I et debattinnlegg i Dagsavisen skriv Leif-Rune Bjørgan at lekser kan «skape helseproblemer som stress, angst og depresjon i alle skoletrinn. Skolevegring starter allerede i tidlige klassetrinn for de barna som starter skoledagene med påført dårlig samvittighet og skamfølelse dersom de ikke har fått gjort leksene.» Dette må bli gjort noko med.

Ifølgje NTNU/Forskning.no opplever 90 prosent av barna som går på leksefri skule, mindre konfliktar og krangling i heimen. Mange foreldre må krangle med barna sine om dei ikkje har gjort lekser eller liknande. Om barna også må bruke nesten all fritida si på lekser og skule, er ikkje det alle som kan gå på fritidsaktivitetane sine eingong. Spesielt vi på ungdomsskulen der nokre av oss får seg jobb og har mange treningar og kampar i løpet av veka, kan det vere vanskeleg å rekke alt.

Eg synest vi skal begynne med leksefri skule. For min del hadde eg stressa mindre, fått meir fritid og klart å fokusere betre på skulen. Ei løysing kunna vore at dei som måtte repetere litt heime eller har lyst på lekser sjølv, kan få det.

Partiet Raudt er einig med meg når det gjeld leksefri skule. Dette skriv Raudt sjølv på si nettside «Lekser er unødvendig, urettferdig og stjeler ungdoms fritid».