“Vi undres om de som skriver dette noen gang har vært på et oppdrettsanlegg, eller kjenner kravene som stillast til næringen i dag?” spør Øverås. Det er ikkje mange som har vore på eit oppdrettsanlegg, der er det ikkje tilgang, men næringa må nok finne seg i at Naturvernforbundet og andre har meiningar om drifta deira likevel.

Innlegget vårt er skreve av eit styremedlem som er biolog frå NTNU, med hovudfag i akvakultur og fleire års yrkeserfaring frå oppdrettsnæringa. Mellom anna som kontrollør på merdkanten.

Øverås skriv også at dei ventar på at den nye kunnskapen dei har skal forankrast vitskapleg. Dei treng ikkje vente. Havforskningsinstituttet, som er vårt fremste fagmiljø, kom med klare råd i ein grundig forskingsrapport i mai i år. For kysten mellom Stadt og Bodø, og særleg for fjordane i dette området, er konklusjonen deira klar:

“Vurderinga total sett for området blir at det er en høy risiko for negative effekter av torskeoppdrett i åpne merder på kysttorskbestander i dette området.”

Det vil ikkje forundre oss om næringa sine eigne forskingsmiljø snart legg fram andre fakta. Det er tragisk at myndigheitene lar økonomiske omsyn telje meir enn føre- var-prinsippet i desse sakene.

Kommunane har eit ansvar som lovmynde for naturmangfald og forureining. Det er ikkje nok å sjekke at arealet er sett av til akvakultur. Mange kommunar har gått mot konsesjonar til torskeoppdrett.

No har Gadus løyst problemet med gyting i merd; “.. det benyttes nå avanserte og kraftige LED-lys for å forsinke kjønnsmodning frem til slakt.” Har Gadus også styring på kjønnsmodninga og gytinga til torsken som no er på rømmen i Voldsfjorden? Etter eit halvt år med drift var det hol i tre merder i Alida.

Snart syng rømlingane på verset “.. og mange tusen barn eg har, – faderullandei, …”.

NB! Ei setning om saksprosess i fylket blei 10.11.2022 kl. 09.18 fjerna frå det det først publiserte innlegget på grunn av feil framstilling. Debattredaksjonen.