I februar skal styret i Helse Møre og Romsdal ta stilling til eit forslag om å legge ned Mork Rehabiliteringssenter. Det er eit dramatisk forslag. Medan andre helseinstitusjonar slit og gjer grove feil, har vi her eit miljø som har lukkast både fagleg, sosialt og miljømessig. Ingen har drege dette i tvil.

Når ein vil leggja ned eit slikt tilbod, må føresetnadane drøftast grundig. Det er to spørsmål som krev svar.

Det eine spørsmålet er korleis Helse Møre og Romsdal kan garantera at kvaliteten på tilbodet blir like god om ein flytter tilbodet til Ålesund. Å byggje opp eit fagmiljø er meir komplisert enn å byggja eit hus; det krev årelang innsats for skapa ein god kultur. Ikkje noko styre kan vedta at dette skal lukkast. Men no har vi ein fungerande kultur for samarbeid, gode relasjonar til brukarane, orden i det administrative og ein unik tillit mellom hjelparar og brukarar.

I ein uttale frå Helse Møre og Romsdal, heiter det at kvaliteten ikkje skal bli endra etter flyttinga. Det er ein sterk og arrogant påstand. Av dei 40 tilsette fagpersonane på Mork, vil ein eller to bli med til Ålesund. Kva slags garanti er det Helse Møre og Romsdal sit på, som gjer at dei kan laga eit like godt miljø heilt frå botn av? Roma var ikkje bygd på ein dag, og ein byggjer heller ikkje eit slikt eineståande miljø på ein dag eller eit år. I realiteten misser ein dette unike tilbodet, og erstatninga kjenner ingen.

Spørsmål nummer to: Kvar er grunngjevinga for at nedlegginga sparer pengar? Å driva same tilbod innanfor ein lagt større institusjon, er alltid dyrare, fordi administrasjonen blir større. Kostnaden pr. pasient er truleg større på Åse enn på Mork, ikkje mindre. Dersom ein ser ei mogeleg innsparing her, må dette grunngjevast, sidan det strir mot erfaringar i sektoren elles. Det er heller ikkje gjort greie for korleis ein kan leggja ei avdeling med 18 senger inn i sjukehuset på Åse utan å leggje ut ei krone i ombygging.

Det økonomiske argumentet står fram som ein rein påstand, utan grunngjeving, på same måte som ein kan garantera for eit ein heilt ny avdeling, med heilt nye folk, skal skape same kvalitet som er på Mork.

Kjelda for innsparingsargumentet ein rapport frå Multiconsult, som viser at opprusting av Mork må kosta 70 millionar eller meir. Det første spørsmålet ein må stilla til ein slik rapport, er kor mykje det har kosta å få den utført. Det andre spørsmålet er kva bestillinga gjekk ut på. Dersom eit konsulentfirma får beskjed om å visa at noko blir for dyrt, så leverer dei det. Naiviteten i omgangen med konsulenttenester i helsevesenet er slåande og skremmande; t.d. har utgreiingane om Oslo-sjukehusa kosta staten milliardar. Vedlikehaldet kan heilt sikkert takast trinnvis, og innanfor heilt andre økonomiske rammer enn dette.

Å leggja ned ein høgtfungerande institusjon som Mork er eit dramatisk val, og vil vera irreversibelt. Når argumenta for det er så tynne, bør ein finna ei anna løysing.