Ein kan jo bli forstått i Tyskland på engelsk også. Det er eit språk som er greitt å kunne visst ein ikkje kan snakke.

Det er ikkje så veldig vanskeleg å lære seg teiknspråk. Teiknspråk er lettare å lære seg som for eksempel talespråk. Teikn til tale kan vere lettare å forstå men det er ikkje heilt det same som teiknspråk. Mange synest det ser gøy ut og har lyst til å lære seg språket.

Det er ikkje eit verbalt språk, det er ikkje avhengig av stemma di. Det gjer også at det er lettare å kommunisere, for ein bruker masse mimikk og kroppsspråk. Erfaringa er at det er lettare for små barn med språk vanskar å kunne kommunisere. Det er inkluderande for det ekskluderer ikkje dei som er døve.

Det finast nokre skular som har teiknspråk som språkval. Bergen er den første norske kommunen som testar teiknspråk som språkval. På ein barneskule i Oslo kan elver få opplæring i teiknspråk. På Ugla skule i Trondheim har dei teiknspråk på skulen heile dagen.

Eg håper det er ein ting som kan gå i oppfylle ein gong i framtida. Eg trur det ville ha hjelpt mange. Å at det er kanskje fleire som kan teiknspråk om vi får fleire skular til å ha det som språkval. Eg skal i i alle fall bruke det.